1 / 32

Nysgjerrigper 2014

Nysgjerrigper 2014 . Prosjekt av 3. og 4. klasse. Kvar kjem språk frå?. Hypotese 1. Menneske var aper med apelydar , så utvikla dei seg til menneske og då utvikla apelydane seg til språk. Hypotese 2. Menneska laga språka, fordi dei treng ord når dei skal samarbeide og dele tankar. .

aviva
Télécharger la présentation

Nysgjerrigper 2014

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Nysgjerrigper 2014 Prosjekt av 3. og 4. klasse

  2. Kvar kjem språk frå?

  3. Hypotese 1 Menneske var aper med apelydar, så utvikla dei seg til menneske og då utvikla apelydane seg til språk.

  4. Hypotese 2 Menneska laga språka, fordi dei treng ord når dei skal samarbeide og dele tankar.

  5. Hypotese 3 Dei som trur på Gud meiner at språka kom frå Gud då menneska bygde Babels tårn.

  6. Vår forskarplan • Forske på språk • Kontakte ein zoolog • Kontakte språkforskar • Kontakte ein prest

  7. Kroppsspråk Vi seier mykjeutan ord også.

  8. Kroppsspråk

  9. Førebuing av reisa til Langtvekkistan

  10. På flyplassen i Noreg.

  11. Flyreisa

  12. På flyplassen i Langtvekkistan

  13. Tankar etter leiken • Var det gøy? • JA! Vi har forstått kor viktig det er å kunne språk. Vi snakka ikkje jo ikkje same språk, og då vart det både vanskeleg å forstå kvarandre og samarbeide. Må me lære alle språka i verden då? var det ein elev som lura på til slutt.

  14. Professor Rolf Theil frå Porsgrunn • Professor i språk • Kan omtrent 100 ulike språk! Vi skreiv e-post til han: • Hei Rolf. Vi held på med eit nyskjerrigperprosjekt, om språk. Vi lurer på kvar språka kom frå?  Vi las om deg i avisa. Du kan mange språk. Kva språk det er lurest og lære,som mange forstår? Du kan sendje dei 3 beste språka. Helsing 3 og 4 klasse v/Aina og Sondre.

  15. Svar frå Rolf: Hei, alle tredje- og fjerde-klassingar ved Tokke skule! (Eg tek sjansen på at de går på Tokke skule, ikkje på skulen i Høydalsmo, Lårdal, Byrte eller Åmdals-Verk.) Det var veldig koseleg å høyre frå dykk, og eg skal svare så godt eg kan på spørsmåla dykkar! For 100 000 år sidan budde alle menneske i Afrika. Då dei tok til å utvandre frå Afrika for mellom 60 000 og 70 000 år sidan, tok dei språka med seg, slik at vi kan seie at språka stammar frå Afrika, akkurat som menneska. Men kor lenge dei hadde hatt språk før dei byrja å utvandre frå Afrika, det veit vi ikkje. Det var gildt å høyre at de har lese om meg i avisa! Eg er språkforskar, og har interessert meg for språk sidan eg var gutunge. Eg voks opp i Eidanger utanfor Porsgrunn, og hausten 1958 begynte eg i 6. klasse, og då fekk vi engelsk som fag. Den gongen var Eidanger landsbygda, og i skulane på landsbygda var det valfritt med engelsk. Eg er glad for at eg begynte med engelsk, for eg fekk det fint til, og då blei eg språkinteressert! Eg voks opp i ein bokmålskommunen Eidanger, men då eg byrja på ungdomsskulen i 1960, fekk eg lære nynorsk også, og eg blei forelska i nynorsk, og gjekk over til nynorsk for snart 50 år sidan. Dei tre språka som det er lurast å lære, det er kinesisk, spansk og engelsk. Det er ingen andre språk som fleire menneske snakkar og forstår enn desse tre. Eg har studert kinesisk på Universitetet i Oslo, og spansk har eg lært meg sjølv, slik at eg iallfall kan lese det og snakke det litt au. Dersom det er meir de lurar på, der det berre å skrive! Beste helsingar frå Rolf

  16. Vi skriv brev til Petter Bøckman

  17. Svar frå Peter Bøckman • Hei!Beklager at jegikke har svart før, e-posten deres hadde vist forsvunnet i all den andre e-posten jeg får.

  18. Vi kontaktar prest og språkforskar • Hei Helene Vi held på med eit nysgjerrigperprosjekt om språk. Ei hypotese er at menneska laga språka , fordi dei treng ord når dei skal samarbeide og dele tankar. I boka di står det at det kanskje starta det med svisj, bang og au. Kva trur du? Kan du hjelpe oss? Vi har snaka med presten om Babels tårn og Gud , og Petter Bøckman om dyr. Nå treng vi hjelp av deg som er så flink på språk.Frå 3 og 4 kl

  19. Språkundersøking ved Tokke skule

  20. Svar på undersøkinga

  21. Intervju med Markus om teikn til tale

  22. Presten på besøk. • Bibelen • Skapinga • Adam og Eva • Kunnskapens tre • Babels tårn

  23. Babels tårn

  24. Svar frå språkforskar Helene Uri • HeiDette er ikke noe jeg har forsket på, så jeg vet ikke annet enn det jeg har lest meg til her og der. Jeg sender dere noen avsnitt om temaet som skal inn i en ny bok, Språkmagi, som kommer til høsten. Lykke til med prosjektet deres! Helene

  25. Kva veit vi no? Kvar kjem språk frå? Hypotese 1: Menneske var aper med apelydar, så utvikla dei seg til menneske og då utvikla apelydane seg til språk. • Dette stemmer kanskje, for i fylgje Petter Bøckman har vi utvikla oss frå aper. Petter seier at vi i 3. og 4. klasse gjetter like bra som forskere.

  26. Hypotese 2:Menneska laga språka, fordi dei treng ord når dei skal samarbeide og dele tankar. • Vi trur at denne hypotesa stemmer, for har vi ikkje språk er det vanskelegare å samarbeide. Dette har vi sjølv erfart i leikereisa vår og når vi snakka om kroppspråk. • Då menneska samla seg rundt bålet, så måtte dei kanskje snakke meirsaman og samarbeide om fleire ting enn då deiberre åt planter. • Dei måtte nok samarbeide om jakt, matlaging og dei måtte finne opp nye ting saman.

  27. Hypotese 3:Språka kom frå Gud då menneska bygde Babels tårn.( Dei som trur på Gud) • Denne hypotesa stemmer ikkje, fordi presten fortalde at menneska hadde eit felles språk før dei laga Babels tårn. • Alle forsto kvarandre og forteljinga i Bibelen syner at dei samarbeida veldig bra då dei laga Babels tårn. • Men dei ville ikkje det gode, så Gud satte grenser for dei, og ga dei mange ulike språk. • Då vart det bare babbel.

  28. Kva svar har vi no? • I denne forskinga har vi funne mange kanskje - svar. Ingen veit heilt sikkert. • Vi har på ein måte laga fleire spørsmål medan vi har forska. Kanskje var det slik at menneska starta med teiknspråk og lydar eller kanskje var det slik at menneska starta med dyrelydar som utvikla seg til ord. Forskarar veit heller ikkje meir. Det er så lenge sidan, og det er ingen spor etter språka i denne tida. Vi har berre funne spor etter folk. Det vi no veit er at dei levde i Afrika og vandra ut i heile verda. Rolf seier det heile starta der. • FOR Å FINNE SVAR TRENG VI EI…

  29. TIDSMASKIN!

  30. Alt vi finn med tidsmaskina kan vi ha i museum.

More Related