1 / 6

Visjonen vår er:

Sunde skule Sunde 6800 Førde. På same lag!. Visjonen vår er: Sunde oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO skal vere eit samlingspunkt i Sunde krins og bidra til heilskap og samanheng i ungane sin utvikling sosialt og fagleg.

Télécharger la présentation

Visjonen vår er:

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Sunde skule Sunde 6800 Førde På same lag! Visjonen vår er: Sunde oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO skal vere eit samlingspunkt i Sunde krins og bidra til heilskap og samanheng i ungane sin utvikling sosialt og fagleg. Vi skal vere ein inkluderande skule som skaper aksept for at vi er ulike, treng ulike utfordringar, er flinke på forskjellige område og har forskjellige behov. Skal elevane våre trivast og utvikle seg fagleg og sosialt må skule og heim aktivt samarbeide med felles målsetting og god dialog. Vi skal ha faglege og dyktige medarbeidarar med engasjement og optimisme som samarbeidar med kvarandre, utnytter dei sterke sidene hjå kvarandre og drar mot same mål.

  2. Sunde skule Sunde 6800 Førde Oppdraget vårt: Elevane skal utvikle tru på seg sjølv, lære å kjenne til og ta ansvar for eiga læring, utvikle samarbeidsevne og samfunnsansvar. Heilt grunnleggande i opplæringa er å kunne lese, skrive, rekne og uttrykke seg på forskjellige måtar.

  3. Sunde skule Sunde 6800 Førde På same lag! Verdiar som skal prege skulen vår: Alle elevar er forskjellige og lærer på forskjellige måtar og i ulikt tempo Alle elevar skal oppleve meistring ( både sosialt og fagleg) Alle elevane er ”våre” elevar – ikkje ”mine og dine” Alle elevar skal oppleve å vere ein del av fellesskapet Omsorg Ansvar Respekt

  4. Sunde skule Sunde 6800 Førde På same lag! I skulekvardagen og læringsarbeidet legg vi vekt på at elevar skal: • bli sett • bli lytta til • bli snakka med • oppleve meistring kvar dag • oppleve skulen som nyttig • vite kva som er forventa av dei • ha fokus på eiga læring • utvikle refleksjon og kritisk tenking • få respons på utført arbeid • oppleve at elevkonfliktar blir tekne på alvor • respektere at dei er ulike • bli møtt av tydelige vaksne

  5. Sunde Skule Gjennom arbeid på foreldremøta, møte med alle klassekontaktane, møte for personalet på skulen, samt i FAU har vi i haust 2013 arbeidd med skule – heim plakaten. Den reviderte utgåva har vi utvida til også å gjelde forventningar oss foreldre i mellom. Vi håpar de som føresette set av tid til å lese gjennom plakaten, samt at vi alle set fokus på å etterleve dei forventningane vi har til kvarandre Takk, til alle som har bidrege til ny skule- heim plakat! Sunde 02.01.2014 På vegne av FAU: Elin Botnen Viken -leiar- For Sunde skule: Anne Finsveen Midtbø -rektor - http://sundeskule.no Epost:  Anne.Midtbo@forde.kommune.no Tlf. kont.:57 82 87 30 • Sunde skule • « På same lag» • Skule-heimsamarbeid Snakk positivt-> om skulen, dei tilsette, andre elevar og foreldre i bornas påhøyr. Utvikling-> Elevane veit kva dei kan og kva dei må gjere for å verte betre. Nulltoleranse- > for mobbing, gode retningslinjer for oppfølging. Delta -> på sosiale klasse- og skulearrangement. Engasjer deg -> det er skulekvardagen til ditt born det gjeld. Heim – skule samarbeid revidert 2013

  6. Sunde Skule • Føresette sine forventningar til tilsette på skulen • Behandle føresette og elevane med respekt. • Er løysingsorienterte i samarbeidet med heimane. • Alle elevar vert sett, høyrt og tekne på alvor. • Synleggjer eleven si faglege og sosiale utvikling og har klare framovermeldingar. • Låg terskel for å gje foreldre tilbakemelding. • Ein tek opp ting raskt når dei tilsette ser trendar på skulen som går i feil retning( t.d mobilbruk, mobbing på facebook og munnbruk). Det er ofte dei tilsette på skulen som fangar dette opp først. • At skulen har nulltoleranse for mobbing, samt gode retningslinjer for oppfølging. • Stimulerer til positiv åtferd. • At tilsette tek kontakt dersom eleven ikkje møter på skulen, og føresette ikkje har varsla om dette. • Trygt kan vere usamd i sak, men likevel ha eit profesjonelt forhold til borna og føresette. • Føresette sine forventningar til kvarande • Framsnakke andre, og lære barna å vise omsorg for kvarandre. • Snakke positivt om medelevar og andre heimar. Ikkje snakke negativt om klassen slik at elevane høyrer. • Ta kontakt familiar i mellom om problem og dersom foreldre har observert situasjonar som angår «mitt» barn, og omvendt. Roleg og open tone. • Delta på sosiale klassearrangement. • At ein skal ha respekt for kvarandre og inkludere alle. • Ein kan forvente at føresette/foreldre følgjer opp tiltak som blir satt i verk. • At det ikkje vert vist filmar og spel i heimane som er over aldersgrensa når dei har besøk av vener. • Lære ungane «sunt folkevett». • Vise omsorg for alle. • Låg terskel for å ta kontakt. • Skulen forventar at føresette • Syter for at eleven er utkvilt, har høvelege sko, kle og sunn niste. • Omtalar skulen, medelevar, tilsette og skulearbeid positivt overfor barna. • Tek kontakt med skulen /lærar når det er noko de er bekymra for /i tvil om eller usamde i. • Gir skulen beskjed om hendingar som kan påverke barnet. • Les og føl opp vekeplanen og andre skriv frå skulen. • Møter på foreldremøte, utviklingssamtale og sosiale aktivitetar. • Bidreg aktivt til å skape eit inkluderande klassemiljø. • Gir beskjed om barnet ditt ikkje møter på skulen. • Samarbeider med skulen når det gjeld eleven si faglege og sosiale utvikling og føl opp det vi er einige om med kvarandre. Heim – skule samarbeid revidert 2013

More Related