1 / 26

Bruk og utnytting av husdyrgjødsel Produksjon av biogass

Bruk og utnytting av husdyrgjødsel Produksjon av biogass. Lars Nesheim Bioforsk Midt-Norge Kvithamar Fagmøte Brønnøysund 28.4.2011. Disposisjon. Husdyrgjødsel og klimagassar Mengd husdyrgjødsel, dyreslag , regionar Gjødselvareforskrifta – viktige moment

dung
Télécharger la présentation

Bruk og utnytting av husdyrgjødsel Produksjon av biogass

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Bruk og utnytting av husdyrgjødsel Produksjon av biogass Lars Nesheim Bioforsk Midt-Norge Kvithamar Fagmøte Brønnøysund 28.4.2011

  2. Disposisjon Husdyrgjødsel og klimagassar • Mengd husdyrgjødsel, dyreslag, regionar • Gjødselvareforskrifta – viktige moment • Spreiemetodar i Norge og i nabolanda • Faktorar som påverkar utslepp av ammoniakk, metan og lystgass, og avrenning av fosfor og nitrogen • Ymse tiltak og konklusjonar/tilrådingar Biogass frå husdyrgjødsel • Potensiale, biorest, klimaeffektar, kostnader, tilrådingar

  3. Mengd husdyrgjødsel: Totalt 12 000 000 tonntilsvarar ca 1,4 t/daa fulldyrka jordbruksarealFordeling mellom dyreslag, i prosent

  4. Nitrogen frå husdyrgjødsel (tot.-N)og mineralgjødsel

  5. Gjødselvareforskrifta viktige moment 1 • 1 gjødseldyreining (GDE) (14 kg fosfor) = 1 mjølkeku • Krav til spreieareal, 4 daa fulldyrka/GDE • Næringsbalanserekneskapkan gi lågare krav til spreieareal • Ikkje krav til hygienisering, stabilisering ved bruk av husdyrgjødsel på eige eller leigd areal! Mattilsynet arbeider med revidering av Gjødselvare-forskrifta. Ny forskrift tidlegast 1.1.2012

  6. Gjødselvareforskriftaviktige moment 2 • Krav til lagring: minimum kapasitet for 8 månader • Spreieperiode: 15. februar til 1. november (ikkje på frosen/snødekt jord) • Spreiing utan nedfelling/nedmolding, så tidleg at gjenvekst kan haustast/beitast, seinast 1. september (Kommunen kan bestemme anna dato, til 1. oktober) • Kommunen kan forby spreiing frå 1. september til 1. november

  7. Bruk av husdyrgjødsel (Statistisk Sentralbyrå 2000) • 75 % av husdyrgjødsla vart lagra som blautgjødsel • Det vart tilsett vatn til 75 % av gjødsla spreidd til eng og beite • Det vart spreidd husdyrgjødsel minst ei gong på 47 % av jordbruksarealet på husdyrbruk • På eng og beite var middels mengd 2,8 m3/daa om våren • 30 % av P i husdyrgjødsla spreidd på åker, 70 % av P spreidd på grasmark

  8. Spreiemetodar for husdyrgjødsel I 2000 vart 93 % av husdyrgjødsla til grasmark spreidd med breispreiar. I åker var tilsvarande tal 95 %. Situasjon no? Stripespreiar med og utan vogn

  9. Spreiemetodar for husdyrgjødselNedfelling med DGI. Gjødselrestar på overflata?

  10. Spreiemetodar for husdyrgjødselNedfelling med Agromiljø-nedfellar, med skiver (radavstand 15 cm)

  11. Tilskot til miljøvennlegspreiing av husdyrgjødselPilotordning i utvalde distrikt i Buskerud, Hedmark, Rogaland, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag Tilskot kan gjevast ved spreiing av husdyrgjødsel ved: • Nedfelling kr 130/daa • Nedlegging i veksande grøde kr 90/daa • Nedfelling i open åker og stubb kr 50/daa • Nedlegging i åker + nedmold. 2t. kr 50/daa • Spreiing med nedmolding e. 2 t. kr 50/daa • Ekstra for slangetilføring kr 35/daa

  12. Spreiemetodar for husdyrgjødsel Sverige: Ikkje generelt forbod mot breispreiing av husdyrgjødsel 2009: 50 % av blautgjødsel spreidd med breispreiar, 46 % med stripespreiar, 3 % med nedfellar Danmark: Ikkje tillete med breispreiing 2004: Eng, 30 % felt ned, 70 % stripespreidd Åker, 60 % i veksande grøde (stripespr.), 40 % i open åker (nedfelling + stripespreiing) Nedfelling: m/skiver i eng (arb. breidd 8 m), m/tindar i åker (6-7 m) Frå 1.1.2011 må all husdyrgjødsel til åker og grasmark fellast ned! Stripespreiing berre tillete i veksande grøder, som haustkveite og vinterbygg

  13. Husdyrgjødsel i NederlandOpptatt av å redusere tilføring av fosfor

  14. Utslepp av ammoniakk ved spreiingKva faktorar verkar inn? • Gjødsel • Tørrstoff, dyreslag, pH (tilsetjing av svovelsyre) • Spreieteknikk • Spreiemetode, innblanding i jorda, nedmolding • Vêr • Temperatur/sol, vind, regn God utnytting av nitrogenet i husdyrgjødsla vil gi mindre behov for mineralgjødsel mindre lystgass

  15. Døme på tiltak som kan redusere utslepp av lystgass • Mindre N-overskott, betre N-effektivitet • God drenering og mindre jordpakking • Unngå mykje lettløyseleg N i jorda • God handtering av husdyrgjødsla • Behandling (biogass, separering, vasstilsetjing o.l. • Spreiing til rett tid (lagerkapasitet) • Spreiemetode • Stripespreiing (ved betre N-utnytting • Nedfelling (betre N-utnytting, men større risiko) • Auka engalder – redusert jordarbeiding

  16. Metodikk for gassmålingEksempel på utstyr, bilete frå TysklandUMB og Bioforsk har i 2009 sett i gang målingar av lystgasstap, m.a. på Vestlandet (Sissel Hansen)

  17. Tap av nitrogen og fosfor ved avrenningViktige moment • Spreiingomhaustenelleriperiodar med mykenedbørogvåtjordaukartapet • Spreiingavstørremengderenndetplantanekanutnytte (minstmulegmengd – størstmuleg areal) • Mykjelettløyselegfosforog nitrogen ijordaaukarrisiko for tap • Overflatespreiingpå eng, hallandeterreng, gjødslarennav • Nedfellingiopnesporihallandeterrengkanaukeavrenningaavgjødsel (DGI meirlukka system)

  18. Miljøvennleg spreieutstyr – tap/økonomiNokre føresetnader for kalkylar (Øygarden m. fl. 2009) • Totale kostnader stripespreiar: kr 320.000 • Totale kostnader nedfellarutstyr: kr 845.000 • Investering auka lagerkapasitet: kr 170.000 (340 m3) • Tilsetjing av vatn i 1:1 fører til auka verknad av NH4-N frå 40 % til 60 % • Har inkludert verdi av sparte kostnader til kjøp av mineralgjødsel

  19. Verknad av ymse tiltak på tap av lystgassStripespreiing eller nedfelling av husdyrgjødsel på 15 eller 50 % av engarealet (auke frå 7 %)

  20. Verknad av ymse tiltak på tap av lystgassAuke i lagerkapasitet eller tilsetjing av vatn til husdyrgjødsla anten om våren eller sommaren

  21. Biogass i Norge i dag og målsetjing ca 30 biogassanlegg totalt • ca 25 anlegg basert på avløpsslam • ca 5 anlegg basert på matavfall • ca 5 anlegg basert på husdyrgjødsel ”Mange” anlegg under planlegging Føremål:ENERGIREDUKSJON KLIMAGASSBIOGJØDSEL LMD Klimamelding: Biogassanlegg skal stå for 45 % av total reduksjon i klimagassar i landbruket til 2020. Bioforsk (Briseid m. fl. 2010): Scenarie for behandling av 20, 30, 40 og 60 % av husdyrgjødsla i biogassanlegg

  22. Potensialstudie for biogass i Norge(UMB, Østfoldforskning og Enova 2008) Produksjon av energi på biogassanlegg 2008: 180 GWh Teoretisk potensiale: 6 TWh/år Substrat (i prosent) Husdyrgjødsel 42 Industri 23 Hushaldningar, inkl. storhushald 15 Halm 10 Avløpsslam 4 Anna 6

  23. Konklusjonar frå Briseid m. fl. 2010 30 % av husdyrgjødsel i biogassanlegg • Kostnadene estimert til 620 mill./år • Reduksjon på 332.000 tonn CO2–ekv. • Kostnad per tonn CO2–ekv. 1.870 kr Ved inkludering av 200.000 tonn matavfall: • Verdien av gassen vil auke • Kostnadene estimert til 220 mill./år • Kostnad per tonn CO2–ekv. 660 kr

  24. Biorest/biogjødsel Behandling i biogassanlegg vil: • Påverke innhaldet av organisk materiale • Danske forsøk: Blanding av storfegjødsel med 6 % ts og svinegjødsel med 4 % ts gav biorest med 3,8 % ts • Gjødsla vert meir lettflytande, meir eigna til spreiing i slangar • Innhald av andre næringsstoff enn N lite påverka • Meir lettilgjengeleg N, del NH4-N aukar (frå t.d. 50-70 % til 80 %) • Konsekvens av mindre tilføring av organisk matr.? Biorest kan gi betre N-utnytting, men risiko for N-tap kan auke p.g.a. meir NH4-N

  25. Husdyrgjødsel og klimagassarSentrale dokument/publikasjonar • Spredeteknologi for bløtgjødsel (Morken 2007) • Klimagasserfra landbruket. Utslippsreduksjoner, forslag til mål, tiltak og virkemidler (Briseid m. fl. 2008) • Klimatiltak i jordbruket – mindre lystgassutslipp gjennom mindre N-tilførsel til jordbruksareal og optimalisering av dyrkingsforhold (Øygarden m. fl. 2009) • Reduserte nitrogenutslipp gjennom bedrespredningsrutiner for husdyrgjødsel (Hansen m. fl.2009) • Husdyrgjødsel og jordarbeiding – verknad på klimagassar (Nesheim m. fl. 2010) • Ymse danske og svenske publikasjonar om nedfelling, stripespreiing og slangetilføring av gjødsla • Evaluering av pilotordning for miljøvennlig spredning av husdyrgjødsel (Skøien m. fl. 2011)

  26. Biogass frå husdyrgjødselSentrale dokument/publikasjonar • Biogassproduksjon av organisk restprodukt i landbruket. Holm gård i Re. Teknologivalg og kostnadsberegninger. (Sørby m. fl. 2007) • Potensialstudie for biogass i Norge (Lerche Raadal m. fl. 2008) • Biogass. Miljøvennlig. Sikker. Lønnsom (Lilleengen 2009) • Klimatiltak i jordbruket. Behandling av husdyrgjødsel og våtorganisk avfall med mer i biogassanlegg (Briseid m. fl. 2010) • Biogass. Kunnskapsstatus og forskningsbehov (Sørheim m. fl. 2010)

More Related