1 / 41

Strandebarm barnehage 2013-2014

Årsplan 2013/2014. Visjon : Saman skapar me meistring , glede og tryggleik. Strandebarm barnehage 2013-2014. Strandebarm barnehage. FORORD OG INNHALDSLISTE. KVA ER EIN Å RSPLAN?

anakin
Télécharger la présentation

Strandebarm barnehage 2013-2014

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Årsplan 2013/2014 Visjon: Saman skaparmemeistring, glede og tryggleik Strandebarm barnehage 2013-2014 Strandebarm barnehage

  2. FORORD OG INNHALDSLISTE KVA ER EIN ÅRSPLAN? Årsplanen er lovfesta i «Lov om barnehage». Årsplan er eit dokument som blir utarbeid kvart barnehageår og inneheld mål for barnehagedrifta, informasjon om ulike arbeidsmetodar og tema som barnehagen legg vekt på. «Lov om barnehage» og «Rammeplan for barnehagen» sitt innhald og oppgåve er overordna styringsverktøy når me utarbeider årsplan. Årsplanen skal godkjennast av samarbeidsutvalet i barnehagen. Fyrste delen av planen er informasjon om korleis me ynskjer å jobbe. Siste del er ein kalender der det står meir om kva me ynskje å gjere i dei ulike tema- periodane og datoar som er viktige i planlegging av kvar månad. Planen er eit viktig arbeidsdokument for personalet i barnehagen. INNHALDSLISTE Personalet 2013/2014 3 Praktisk informasjon 4 Visjon og verdiar 5 Likeverd og likestilling 6 Sosial kompetanse 7 Leik 8 Dei 7 Fagområda 9 Planlegging, gjennomføring og vurdering 10 Danning 11 Barns medverknad 11 Tilstadeverande vaksne 11 Samarbeid med heimen 12 Nordastova 14 Sørastova 16 Kalenderoversikt 18

  3. Aud Charlotte Økland Assistent Sørastova Anita Rykkje Linga Pedagogisk leiar Sørastova Bente Håland Assistent Sør- og nordastova Marit Linga Styrar Haldis Flotve Barne- og ung.arb Sørastova • PERSONALET • 2013/2014 Hildegard Berge Støtte ped/ fagteam Birgitte Steine Assistent Sørastova Andrea Gjerde Lærling tom 31/12-13 Sørastova Anita Eide barne-ung.arb Nordastova Anne Gerd Ugletveit Assistent Sørastova Merethe Smørdal Ped.leiar- permisjon Nordastova Siv Håbrekke Ringevikar Berit Øie Brinkbo Pedagogisk leiar Nordastova Renate B Nernes Ringevikar Ragnhild Brattli Assistent Nordastova/ Sørastova Hildegunn Måge Ringevikar

  4. STRANDEBARM BARNEHAGE Adresse: Tangeråshagen 12, 5630 Strandebarm Telefon: 56 55 68 60 Sørastova: 56 55 68 63 Nordastova: 56 55 68 64 E- post: mlin@kvam.kommune.no • OPNINGSTID: • kl. 06.45- 16.45 • Maks tidbarnet kan vera i barnehagen er 9 timar pr. dag. • Om barnet ditt er sjukt eller kjem etter klokka 9.30, så vil me gjerne ha beskjed før 9.30. • Om barnet ikkje er teken med ut av barnehagen til kl. 16.45 medfører dette eit gebyr på kr 250,- Om barnehagen Barnehagen er bygd i 1991. Barnehagen ligg sentralt i bygda, slik at me har muligheit til å ta med borna til gymsalen, på skulen, butikken og til fine turområder. Spesielt heldige er me som har Blåhaugen som næraste nabo, der er utfordringar for både store og små. Foreldrebetaling- moderasjon på økonomisk grunnlag sjå søknad om redusert betaling meir info og søknadsskjema sjå kvam.no/teneste

  5. VISJON OG VERDIAR Tilstade-verande Respekt Omsorg Foreldre Vennskap Saman skapar me meistring, glede og tryggleik Humor og glede Samarbeid Samspel Leik Fysisk aktivitet

  6. Bruke Unicef sine bilde med barns rettigheter til samtale i samling. Likeverd og likestilling Personalet skal bruke verdispelet – for likestilt praksis på personalmøter. . Våre haldningar skal vera tilpassa barnet si utvikling, alder og interesser uavhengig av kjønn. Delta på «SOLSIKKEAKSJON» Gjennom SOS- barnebyer får me kjennskap til ulikskapar i verda og kva me kan bidra med for å hjelpe andre som har det vanskeleg. • MÅL • Barnehagen skal bidra til at borna: • At alle borna kjenner seg verdifulle og inkludera kvarandre. • Får kjennskap til barns rettigheter. • Barn hjelper barn

  7. HJELPE BORNA TIL Å FINNE ALTERNATIVE LØYSINGAR. Det er lov å bli sint, men ikkje greitt å slå andre. Kva kunne me gjort? Kva kan eg gjere for å gjere den andre glad att? «EG ER EIN GOD VENN». Gripe borna i å gjere gode handlingar for/ mot kvarandre. SOSIAL KOMPETANSE OG LEIK • LEIK • Å få delta i leik og få • venner er grunnlaget for trivsel og utvikling av sosial kompetanse. • Me ynskjer å leggje til rette for at borna skal få: • gode felles opplevingar • eit godt leikemiljø • øve seg i å halde fokus i leik. • leik i små uforstyrra • grupper. . • Me nyttar metodiske opplegg • for å utvikle sosial kompetanse: • Vennekort • Det er mitt val • Start • MÅL • Barnehagen skal bidra til at borna: • er omsynsfulle og sjølvstendige born. • har eit positivt sjølvbilete. • er trygge, utforskande, trivst i leik og har vennekompetanse. • utviklar vennskap

  8. Øvd på positiv sosial åtferd Glede og humor Øvd på turtaking Løyst konfliktar NÅR DU HENTAR BARNET OG SPØR «KVA HAR DU GJORT PÅ I DAG ?» Øvd på samarbeid Vist empati/ møtt empati Når barnet ditt svarer: «I dag har eg berre leika.» Då har dei: Utvikla språket Lært seg nye ord og omgrep Øvd på sjølvkontroll Øvd på å hevde behova sine

  9. DEI 7 FAGOMRÅDA VÅRE Ikt Årstider Turar Song, rim og regler Aktivt språk i kvardagen Snø/ vatn eksperiment Eventyr Dramatisering Rolleleik Natur, miljø og teknikk Lese Kommunikasjon, språk og tekst Formingsaktivitet Kunst, kultur og kreativitet Teikn til tale Blåhauen Skapa saman Gode samtalar Kinckgarden Nærmiljø og samfunn Advent Kvilestund Gode måltid situasjonar Trollskogen Etikk, religion og filosofi Gruppedeling Fysisk-aktivitet Kropp, rørsle og helse SOSIAL KOMPETANSE

  10. PLANLEGGING, GJENNOMFØRING OG VURDERING Planar Gjennomføring • Me vil: • Gjennomføra • planar • Jobbe mot mål • Leggje til rette for borna sitt beste • Vera fleksible • Me vil laga: • Årsplan • Månadsplan • Vekerytme • Planer for pedagogiske opplegg. • Me svarar på: • Nådde me måla? • Fekk borna hjelp og støtte me tenkte dei skulle få? • Kva gjekk bra? • Kva kan gjerast betre? • Me vil: • Ta bilde • Skrive dagen i dag • Skrive om opplegg og om opplevingar i månadsbrev Pedagogisk arbeid Vurdering Dokumentasjon • Me vil: • Opne for kritiske og reflekterande praksis på møte. • Praksisforteljingar Refleksjon

  11. DANNING Danning er ein livslang prosess, som inneber å reflektere over eigne haldningar og veremåte. Dette vil me legge til rette for gjennom leik, læring og samspel. Samspel imellom dei vaksne og borna gir dei sjansen til å vere prøvande, nysgjerrige, utvikle kunnskap og ferdigheiter, handle omsorgsfullt og gjere etiske grunngitte val. I desse situasjonane ynskjer me å vere der for borna, slik at dei skal bli i stand til å handtere livet og sjå på seg sjølv som verdifulle. TILSTADEVERANDE VAKSNE Born har behov for tydelege, kloke, varme og nære vaksne som viser at dei bryr seg. Som set pris på, ser og lyttar til dei. Å lytte er ikkje det same som å høyre, det handlar meir om haldningar og å vere mentalt til stades. Og sjå er ikkje berre ”å sjå”, det handlar om å sjå kvart enkelt barn og deira behov. Ein tilstadeverande vaksen viser med heile seg at han/ho er interessert i det borna har å formidle. Tydelege vaksne kommunisera det same med augene og kroppen som dei seier med ord. Ein tilstadeverande vaksen er reflekterande og anerkjennande i møte med borna, gir dei omsorg, oppmuntring og støtte, er nysgjerrig på kva dei er interessert i og er der borna er. Me ynskjer at barnehagen skal vere ein god og trygg stad å vere for borna, med vaksne som bryr seg om kvar enkelt og deltek i borna sin lek ved behov. BORNA SIN MEDVERKNAD Borna vil få medverka tilpassa sin alder og sine forutsetningar. Deira meiningar om den daglige verksemda vil bli høyrt. Dei får muligheit til å delta i planlegging og vurdering av barnehagen. Ut frå dette, tillegg personalet vekt i forhold til alder og modning, kva som kan gjennomførast. Borna må få oppleve både tilknyting og fellesskap og kjenne at dei kan bestemme sjølve og uttrykkje eigne intensjonar. I kvardagen har borna val som kven dei vil vere saman med og kva dei vil leike med. Dei eldste borna får kome med sine tankar gjennom barnesamtalar og i kvardagen. Når borna har bursdag får dei bestemme mat ut i frå eit bestemt utval som me har. Borna får bestemme farge og fasong på kruna.

  12. SAMARBEID MED HEIMEN Samarbeid med heimen ”Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, fremme læring og danninga som grunnlag for allsidig utvikling.” (barnehagelova § 1 formål) For å sikra samarbeidet med heimen, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd (alle foreldra) og eit samarbeidsutval (SU). SU skal vera eit rådgjevande og kontaktskapande organ. Alle føresette kan ta kontakt med sine representantar om det er noko de vil ta opp i forhold til barnehagen. • Måtar me samarbeider på: • Dagleg kontakt ved bringe- og hentesituasjon • Oppstartsamtalar med nye born/foreldre • Foreldresamtale våren 2014 • Foreldremøte, 2 pr. år • Månadsbrev/planar • Dugnad • Sommarfest ( foreldre arr.) • Barnehagen sitt samarbeidsorgan: SU Medlemmar i SU i 2013/2014 er: Svanhild T Rogdaberg 482 38 945 (representant for føresette) Arngunn T Bell 975 15 156 (representant for føresette) Anita Rykkje Linga (representant for tilsette) Ragnhild Brattli (representant for tilsette) Marit Linga (styrar) Karin Mo Valland (politisk representant) vara: Alexander Fosse Andersen (politisk representant) vara representant for føresette : Dan Wilhelmsen, Trond Kvamme vararepresentantar for tilsette: Berit Ø Brinkbo, Anita Eide

  13. Forventningar personalet har til føresette • er at de: • ser på oss i barnehagen som ein samarbeidspartar, med felles mål: barna sitt beste • de kjenner barnet best, gjev oss den informasjon me treng for å gjera ein god jobb • tek kontakt med oss dersom det er noko de ikkje er fornøgd med eller de synes er bra • tek initiativ til samtale dersom de har behov for å diskutera noko med oss • merkar alle kle med barnet sitt namn, sjekkar bytekorga, borna bør ha minst 2 sett med bytekle • borna har funksjonelle kle til årstida • føl retningslinjer frå kommunelege ved sjukdom • gjev oss beskjed dersom barnet skal hentast av andre enn foreldra • skil mellom oss som profesjonelle på jobb og som privatpersonar • om morgonen og ettermiddagen samarbeider me på huset, om du ikkje finn ein vaksen på di avdeling, må de kome lenger innover med barnet. • me har ein del praktisk arbeid på kjøkkenet, som me må nytte tida til å gjera t.d. om morgonen, når det er få born. Me ber difor om at de føl borna ut til oss på kjøkkenet, om de ikkje finn oss på avdelinga. • ved henting kan det vera travelt for oss, og mange foreldre som hentar samtidig. Då ynskjer me at de tek initiativ til å spørje om de lurer på noko. • Føresette sine forventningar til barnehagen og til personalet (utarbeid på foreldremøte aug 12) : • vera mykje ute, utflukter (gardsbesøk, museum, bibliotek, buss) • omsorg, oppfølging • tilrettelegging, grensesetting, tilstadeverande, merksemd og kos • bruka Blåhaugen • fokus på borna sine behov • tilbakemelding i høve utvikling • trivsel, at borna vil gå i barnehagen • tryggleik • låg terskel for kontakt med foreldre • god informasjon, dagen i dag lapp, ting som skal skje ol. • korte tilbakemeldingar om kva ditt barn har gjort i løpet av dagen • at de hjelper borna med å læra å helsa/ta avskjed/svarar kvarandre • rask reaksjon /handlekraft • bruk av bilde i garderoben av aktivitetar i kvardagen

  14. «Tid til omsorg og rom for leik» NORDASTOVA Dagsrytma Liv Karoline Magnus Brage Marie Julian Teja Marcus Sondre Tiliah Adrian 6.45: Barnehagen opnar 8.30: Frukost 9.30: Samlingstund Aktivitetar og leik 11.30: Føremiddagsmåltid 12.00: Bleieskift, kvile, leik ute / inne 14.15: Ettermiddagsmåltid Leik inne / ute 16.45: Barnehagen stenger Det har eg aldri gjort før … så det kan eg heilt sikkert! Pippi Langstrømpe Organisering av kvardagen Borna er ulik i alder og dermed i funksjonsnivå. Dei yngste har behov for kos, søvn, leik ,lære av kvarandre og av dei som er litt eldre. 2 – åringane våre treng litt som dei yngste og litt som dei eldste. 3 – åringane våre treng meir utfordringar, og me vil prøve å gje dei tilnærma det same som 3 – åringane på Sørastova. Og alle så treng dei eit fang, trøst, kos, og ikkje minst; å bli sett av vaksne. BERIT 100% Anita 100% Ragnhild 90% Bente 10% Merethe foreldrepermisjon

  15. START «Livskunnskap for dei minste» Eit pedagogisk opplegg i arbeidet med å utvikle borna sin sosiale og emosjonelle kompetanse. Dette er den viktigaste føresetnaden for at born skal trivast og utvikle sosial og språkleg kompetanse. Bursdagsfeiring Me lagar krune, syng, dansar og skyt opp rakettar. Lagar lunsj etter barnet sitt ynskje saman med ei lita gruppe. Desse dagane treng de ikkje niste med til lunsjen -Følg med på månadsplanen!! • TENK DEG • Å vere saman med andre • Å gjere noko saman med andre • Å dele opplevingar med andre • Å ha venner !! Leik og språk Borna sitt viktigaste reiskap i sosial og emosjonell utvikling er leiken. Me vil leggje til rette for små leikegrupper, skjerme god leik, fremje inkluderande åtferd, ha språkstimulerande aktivitetar, lese bøker…… Me vaksne skal vere gode rollemodellar, og støttande stillas for borna. To dagar i veka er alle 3-åringane på huset ilag. Samling, leik, forming, språk, turar, gymsal….

  16. SØRASTOVA Mathea Ole Jakob «Alle trenger ein liten venn» Malene Kristina Lena Markus Leander Mali Amalie Kanin og pinnsvin er med oss i samlingar. Gjennom bøker, aktivitetar, samtalar lærer dei oss om følelsar, samarbeid, å dele, å roe oss ned Olina Eirinn Madelen Hans Kristian Julia Elise Nikolai Leon Guro Isak Iselin

  17. Anita 80% Skuleklubben 2008 borna: Kristina Ole Jakob Mali Mathea Malene Markus Leander Lena Haldis 60% LEIK Lotte 60 Vår viktigaste metode gjennom året for å fremje ei god utvikling hjå borna, sosialt, kognitivt, motorisk og språkleg. Birgitte 70 % DAGSRYTMEN VÅR 06.45: Barnehagen opnar 08.30: Frukost 09.30: Pedagogisk opplegg/ turar 11.30: Lunsjmåltid Frileik ute/ inne 14.15: Frukt måltid Frileik inne/ ute 16.45 Barnehagen stenger Kjernetid 09.30-14.30. Tusenbeingruppa 2009/ 2010 borna: Olina Eirinn Amalie Madelen Hans Kristian Julia Elise Nikolai Leon Guro Iselin Isak Skuleklubben Mandag: Førskuletid Tysdag/ torsdag: Tur/ fysisk aktivitet Onsdag: Førskuletid Tusenbeina Mandag: Turdag Tysdag: Språk/ leik/ inneaktivitetar Onsdag: Uteleik Torsdag: Gymsal/ leik Fredagar er det aktivitetar i små grupper på tvers av avd. Andrea 60 % Bente 20 % Anne Gerd Hildegard 40%

  18. August • LEIK • Innhaldet i leik: • Leikegrupper, både aldersdelte og delte på tvers inne og ute. • Laga til ulike leikeområder der leikene held til. • Utfordre til allsidig val av leiker. • Vaksne rollemodellar. • Bli inspirerte til å nytte dei leikene me har. • Leik er barnets desidert viktigaste læringsarena og me må leggje tilrette for god leik for alle. • . Åpningsong i samlingane våre: «Hei alle» «Hei … hei … hei … Så kjekt å sjå deg. Velkommen her. SØRASTOVA Augustog september. Tema: Bli kjendeog LEIK Mål for perioden: • At borna er trygge, trivst i leik og har venner. • At bornafinner ro og konsentrasjon i leik. • At det skal utviklast vennskap mellom borna. • At borna skal få gode opplevingar og kjenne fellesskap med andre gjennom leiken. NORDASTOVA August, september og oktober Tema: Tilvenning og «Kroppen min og meg» Mål: Borna skal • bli tryggepå seg sjølve og kvarandre få erfaringar med sin eigen kropp og • kven dei er. Tilvenning Lag gode rutinar for levering. Du kan godt bruke litt tid på å levere barnet, men har du sagt at du skal gå, så gjer det! Ring gjerne barnehagen og høyr korleis det går. Ta opp med oss i barnehagen om det er noko du lurer på !

  19. August Velkommen til nytt barnehageår!

  20. September Alle borna vil ha si bok med bilder av familien. • Temaveka: BRANNVERNVEKE 38 • Innhald i temaveka: • Bli kjende med Eldar og Vanja • Ha minimum 1 brannøving. • Besøk av brannbil og brannmenn. • Aktivitetar frå undervisningsopplegget til brannvernskulen. • Mål: • At borna skal få kjennskap til brannvern. • At borna skal kunne nødnummeret for brann. • At borna skal vite kva dei skal gjere når brannalarmen går. SØRASTOVA NORDASTOVA «Kroppen min og meg» For at born skal bli trygge på andre må dei først bli kjend med seg sjølv. Me vil legge opp til aktivitetar som stimulerar sansane. Dette vil me gjere gjennom: • Kos og nærleik • Samlingar med song, bøker og sanseboks • Rørslesongar • Setje ord på kroppsdelar • Øve på påkledning • Kvilestund Nasjonal brannvern veke i veke 38 • Besøk av brannbilen Mål: • Delta i brannøving • At borna skal få kjennskap til brannvern.

  21. Det har eg aldri gjort før ……så det kan egheilt sikkert! Pippi September

  22. Oktober Oktober og november • Tema: Leik, bøker og temaveker rundt hausten. • Innhald i temaveker veke 40, 41 og 42: • Hausten, fargane, frukter, • formingsaktivitetar++ • Haustfest 17. oktober på «Epledagen» • Laga betasuppe og eplekake. • Turar i skogen. • Gardsbesøk for skuleklubben. • Mål: • Bruka sansane. • Få gode felles opplevingar. SØRASTOVA NORDASTOVA Oktober og november Tema: Haust og leik • Kva skjer i naturen no? • Bruke naturmatriell til forming • Haustfest, lage betasuppe og eplekake • Turar i skogen, Kinck garden Mål: • Gode felles opplevingar • Bruka sansane, lukta og smaka på hausten

  23. Det du trur om meg, slik du er mot meg, korleisdu ser på meg, kva du gjer med meg, slik blir eg. M. Jennes Oktober .

  24. November Oktober og november • Tema: Leik og bøker. • Mål: • Bli glade i bøker og fatte interesse for å bli lest for • Aukabarnets omgrepsforståing. • Innhald: • Bibliotek turar (tysdag åpent 12-15) • Lese billedbøker i små grupper, i fruktmåltid++ • Bruke konkretar ved høgtlesing. • Bruke inntrykka frå bøkene til å uttrykke oss kreativt. • Ha bøker lett tilgjengeleg. • Øve oss på å «lese/ sjå» bøker på eigehand. • Dramatisere/ leike innhaldet. SØRASTOVA NORDASTOVA Tema: Leik og samhandling Mål: • At borna skal få gode opplevingar og kjenne fellesskap med andre gjennom leiken. Me byrjarmed advent i veke 47 Me vil: • Leggje til rette for leik og turar i små grupper. • Skjerme god leik og hjelpe borna til å vere inkluderande. • Vaksne vere gode rollemodellar og støttande stillas for borna.

  25. Lysande barneauge og smilande munn, ei mjuk lita hand så lubben og rund. Ta vare på tida, den går altfor fort, ikkje gå og tenk på alt du skulle ha gjort November

  26. Desember /4 dl mørk sirup 5 dl sukker 14 dl hvetemel 250 g margarin 1 1/2 dl vann 1 ts ingefær 1 ts malt nellik 1 ts kanel 2 epper 5 dl sukker 14 dl hvetemel 250 g margarin 1 1/2 dl vann 1 ts ingefær 1 ts malt nellik 1 ts kanel 2 ts pepper 1 ss natron FF • Innhaldet i desember: • Skuleklubben går luciatog på Strandebarmsheimen. • Daglegeadventstunder. • Bake julekaker. • Laga «hemmelege» julepakkar. • Delta på julevandring i kyrkja. • Lykte- og nissefest. • Synge og høyre julemusikk. • Julekalender med hjertebarn og stjernebarn. SØRASTOVA Desember Tema: Advent og juleførebuingar Mål for perioden: • At borna skal få glede seg og ha forventningar. • At borna får glede andre med gode gjerningar. • Bli kjende med juletradisjonane våre. NORDASTOVA November og desember Tema: Advent og juleførebuingar. Mål : • At borna skal kjenne glede og forventning • Få kjenne gleda ved å glede andre • Bli kjende med juletradisjonane våre Aktivitetar i desember: • Lage hemmelegheiter og julepynt • Bake julekaker • Ha adventstund der me fortel historia om då Jesus vart fødd • Lykte- og nissefest • Dei eldste få delta på julevandring i kyrkja • Synge julesongar • Julekalendar med hjerter i som me gir til andre

  27. Desember

  28. Januar Det var ein gong…. a Mål for perioden: • At borna skal bli kjende med gamle eventyr, leike, dramatisere og bruke fantasien. • Bruke snøen til bygging og aking/skigåing • Innhald: • Kjende og kjære eventyr. • Dramatisering/ leik. • Formingsaktivitetar. • Høgtlesing, forteljingog film. • EVENTYRFEST • Skidag • Kanskje klarar me laga våre eigne forteljingar/ eventyr?? SØRASTOVA Januarog februar. Tema: Eventyr, vinter og snøaktivitetar NORDASTOVA Januar og februar Tema: Eventyr, vinter og snøaktivitetar Mål for perioden: • At borna skal bli kjende med gamle eventyr, leike, dramatisere og bruke fantasien. • Bruke snøen til bygging og aking/skigåing Eventyra me vil bruke: • Bukkane Bruse • Gullhår og dei tre Bjørnane • Dei tre små grisane • Pepperkakegutten Me vil fortelje og bruke konkretar , lese i frå bøker, forming relatert til eventyra.

  29. Januar Me ynskjer alle eit godt og innhaldsrikt nytt år!!!

  30. Februar Snøgubba Snøgubba, snøgubba bom fallera, Snøgubba, snøgubba bom fallera. Når da e kaldt kan da henda me fryse, rett so da e kan da henda me nyse. Snøgubba, snøgubba bom fallera, Snøgubba, snøgubba bom fallera. Når da e varmt kan da henda me smelta, rett so da e kan da henda me velta. Eksperiment: Klarar me å bruke naturen til å fryse kremblandinga til is før fruktstunda? Først målar me temperaturen i snøen. Så lagar me ei blanding av fint salt og snø ute. Blandar dette godt. Deretter føl me med på kor fort temperaturen synk til -25 (ca. 2 min), grave ned kremblandinga og lar det stå 3-4 timar. Prøv sjølv Vaniljeis 4 eggeplommer 100 gram sukker Korn av ei vaniljestang ½ liter kremfløyte Kan smakstilsettes med det ein likar. SØRASTOVA Ski- og akedag. Leik og moro i snøen. Eventyr. Vatn/ is/ snø eksperiment NORDASTOVA

  31. Februar

  32. Mars M En liten kylling i egget lå,den banket og banket og banke t på;"Her er så trangt, jeg vil u t å gå!",pep deEn liten kylling i egget lå,den banket og banket og banket på;"Her er så trangt, jeg vil ut å gå!",pep den og ynket seg der den lå.Hakk hakkehakk!Egget det sprakk.Og en liten kylling ut av det smatt!n og ynket seg der den lå.Hakk hakkehakk!Egget det sprakk.Og en liten kylling ut av det smatt! SØRASTOVA Mars og april Tema: Leik, solsikkeaksjon og påske. • SOLSIKKEAKSJON • Innhald: • Lære oss solsikkedansen • Lese om Karsten og Petra • Formingsaktivitetar • Sjå film om barn i andre land • Solsikkefest • Solsikkeaksjon • Høyre om barn • i andre land. Mål: • Likeverd, respekt og solidaritet. • Hjelpe barn i andre land. NORDASTOVA Mars Tema: Solsikkeaksjon Mål: Likeverd, respekt og solidaritet. SOLSIKKEAKSJON Innhald: - Karsten og Petra - Ser på bilder og samtalar rundt desse - Høyrer på musikken/songaneog dansar - Formingsaktivitetar - Lagar mat frå landa som er med - Solsikkefest

  33. Mars

  34. April • . • Innhald: • Påskevandring i kyrkja. • Laga påskepynt. • Turar der me studerar naturen frå gong til gong. • Syngavårsongar. • Så frø FORELDRE- SAMTALAR BYRJAR I MARS/ APRIL Me brukar «alle med» som utgangspunkt for samtalane. I forkant vil me gjennomføre barnesamtalar med dei eldste. SØRASTOVA April, mai og juni Tema: Påske og «naturen vaknar att» Mål: • At borna får kjennskap til påsketradisjonane våre og får gode felles opplevingar i naturen. • Få kjennskap til ulike vårteikn. NORDASTOVA April, mai og juni Tema: Påske, lys, varme, fargar, sjå på lamma Mål: • At borna får kjennskap til påsketradisjonanevåre og får gode felles opplevingar i naturen. • Få kjennskap til ulike vårteikn. Innhald: - Dei eldste vere med på påskevandring i kyrkja - Måle på egg og lage litt anna påskepynt - Turar der me filosoferar over det som skjer i naturen no - Lyset, fargane, varmen - Synge vårsongar - Tur til Skogasel og i nærmiljøet for å sjå på og sauene

  35. April Liten eg? Er du større enn deg sjølv, kanskje?

  36. Mai Lille Petter Edderkopp Lille Petter Edderkopp han klatra på min hatt, så begynte det å regne og Petter ned han datt. Så kom sola og klatra på min hatt, då blei det liv i edderkopp som klatra på min hatt. • OVERGANGEN BARNEHAGE- SKULE • Mål: • At borna blir kjende med skulemiljøet. • Leggje til rette for ein god overgang frå barnehage til skule. • Det blir 3 vårskuledagar. • Adresse til ein del info om det å gå frå å vera eldst til yngst: • http://www.regjeringen.no/upload/KD/Vedlegg/Barnehager/veileder/f-4248%20fra%20eldst%20til%20yngst.pdf SØRASTOVA Temaveke: Fysisk aktivitet og helse veke 21- 22 Innhald: • Fjelltur til Haukåsfjellet for 07- borna • Laga sunn mat på bålpanna • Regelleikar • Sykkeldag • Turar • Aktivitetsdag NORDASTOVA • Så frø, sjå det spirer og gror, både i vinduskarmen og ute i naturen. • Gå i fjørå, kva finn me der? • På turane våre i naturen vil me undre oss og filosofere ilag med borna. Snu på steinar og sjå etter små og større kryp.

  37. Mai Hysj!!!! Kan du høyre graset gro?

  38. Juni Ta den ring og la den vandre, frå den eine til den andre. Ringen er skjult, du ser den ei, nettopp no er ringen hos meg. SØRASTOVA Juni Tema: «Livet i fjøra», fysisk aktivitet og leik. Mål: • Gode fellesopplevingar ute. Innhald: • Sykkel- og leikedag • Idrettsdag • Nisteturar i skog og mark. • Turar i fjøra. • Tur til Klepp for skuleklubben. • Regel- og ringleikar. NORDASTOVA Tema: Uteliv • Sykkel- og leikedag • Nisteturar i skog og mark • Ringleikar

  39. Juni

  40. Juli Vesle måltrast, vesle måltrast, kvifor er du så glad? Jau, fordi eg har reiret mitt gøymt vekk ein stad, langt inni skogen den grøne NORDASTOVA OG SØRASTOVA Me ynskjer alle ein god sommarferie og takkar for eit fint år ilag med deko

  41. Juli Barnehagen er stengt veke 28, 29, 30 og 31.

More Related