260 likes | 408 Vues
NYNORSK. Kapittel 21: Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden. Elevane skal kunne – gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945
E N D
NYNORSK Kapittel 21: Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden Elevane skal kunne – gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945 – gjere greie for den politikken den norske nasjonalstaten førte overfor urfolk, nasjonale og etniske minoritetar på 1800- og 1900-talet, og diskutere nokre konsekvensar av denne politikken – gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag – undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma, og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida – drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar
Perioden som heilskap - Utviklinga i perioden 1945–1965 var prega av industrialisering, sentralisering, økonomisk vekst og auka velstand for dei fleste. - Heiltidshusmødrer og nye varer prega kvardagslivet. - I etterkrigstida trudde mange på kollektive løysingar som skulle skape og sikre velferd. - Etterkrigstida blir derfor ofte kalla «den sosialdemokratiske orden».
Ein ny samfunnsorden - Arbeidarpartiet hadde fleirtal i Stortinget i nesten heile perioden, med sterk politisk styring.
Positivt - Glansperioden for industrien i Noreg, med tru på storindustri, vekst og velstand. - Internasjonale oppgangskonjunkturar. - Samhald og solidaritet var viktige verdiar.
Negativt - Tendensar til einsretting, både kulturelt og økonomisk. - Truslar frå den kalde krigen og atomvåpenkappløpet.
Gjenreisingsideologi formar fellesskap Ideologien fokuserte på: - Noreg var krigsherja og nedslite etter fem år med okkupasjon og tysk utbytting. - Gjenreisinga skulle vere ein del av frigjeringsverket, der alle nasjonalsinna og gode nordmenn måtte gjere ein innsats og stå saman. - Fellesskapsmyten var viktig.
Innvendingar og kritikk - Ettertida har vist at Noreg på mange område var betre rusta for framtida i 1945 enn i 1939. - Det var lite rom for avvik.
Fire hovudområde for gjenreisingsideologien - Planøkonomi og statsstyring av økonomien. - Industri- og handelspolitikk. - Bustad-, forbruks- og familiepolitikk. - Forsvars- og tryggingspolitikk.
Arbeidarpartiregjeringar - Politisk makt og innverknad var sentralisert. - Einar Gerhardsen var den første moderne statsministeren.
Planøkonomien skulle - hindre kriser - halde alle i arbeid - skape økonomisk vekst - fordele veksten betre mellom alle i landet
Sju viktige element i den norske planøkonomien - Også privat eigarskap og privat næringsliv. - Nasjonalbudsjett. - Motkonjunkturpolitikk. - Reguleringspolitikk.
Sju viktige element i den norske planøkonomien - Låg rente. - Nye institusjonar. - Velferdsordningar.
Forhandlingsøkonomi - Motsetnader og maktforskyvingar. - Strid om styringa gjennom pris- og produksjonsregulering. - Tett samarbeid mellom stat og næringsliv. - Dei største organisasjonane fekk stor innverknad på politikken til regjeringa. - Redusert veljarmakt?
Meir om økonomisk politikk - Investeringar og meir avhengig av dollar. - Noreg hadde rekordinvesteringar i 1940-åra. - Alt i 1947 hadde Noreg brukt opp behaldninga av dollar, som var tent på skipsfarten i krigsåra. - Noreg fekk «Marshallhjelpa». - Noreg førte industrireisinga vidare, men gav frå seg mykje av styringa av utanrikshandelen.
Glansdagane for industrisamfunnet - Delar av småindustrien, som hadde vore verna av reguleringar og tollsatsar, blei utkonkurrerte. - Industriarbeidaren var målestokk for kjøpekraft, lønningar, arbeidstid, feriar og bustadprisar. - Staten reiste statsindustri og kraftverk, men støtta også privat industriverksemd.
Glansdagane for industrisamfunnet - Trygge arbeidsplassar og livslange yrke. - 500 000 personar arbeidde i industri, gruver og anlegg i åra 1950– 1970. - 35 % av befolkninga levde av inntektene til industriarbeidarane.
Miljøproblemer - Mykje av storindustrien var svært kraftkrevjande. - Dei mange utbyggingane av vassdrag førte med seg store naturinngrep. - Ureining av luft og vatn. - Velferdsauken overskugga miljøproblema.
På veg mot velferdsstaten Sosialpolitikken skulle ta opp kampen mot fem vonde: fattigdom sjukdom arbeidsløyse vankunne dårlege buforhold
Resultat - Mange nye lover. - I 1960-åra blei omgrepet «velferdsstaten» teke i bruk. - Alle dei nye trygdene blei frå 1967 samla i folketrygda. - Kommunane voks. - Kommunane leverte mange av dei nye velferdsgoda, og budsjetta voks.
Store skilnader mellom rike og fattige kommunar - Regjeringa ville modernisere kommunane ved å rasjonalisere dei. - Rasjonaliseringane i jordbruk og fiske førte til stor fråflytting. - Krisestemning i jordbruket. - Ressurskrise i fiskeria.
Distriktspolitikk blei eit nytt politisk tema - Bondepartiet, Venstre og mange bygdeorganisasjonar var imot sentraliseringa. - Folkeflytting og bustadbygging. - Største folkeauke i bygdesentra rundt industri og anna større næringsverksemd, og i nabokommunar til byane. - I 1945 budde halvparten av befolkninga i byar og tettstader, i 1970 to tredelar.
Husmødrene - Glansdagane for husmødrene. - Det var sjølvsagt at gifte kvinner blei heiltidshusmødrer. - Aldri før eller seinare arbeidde så mange på heiltid i sin eigen heim. - Mange av husmødrene hadde ikkje noko reelt yrkesval. - «Industrialisering» av heimen.
Bustadene får vatn og straum Med generell velstandsauke og vatn og elektrisitet i bustadene kom nye hjelpemiddel: - 1950-åra: lyspærer, elektrisk komfyr, stråleomn, vaskemaskin. - 1960-åra: kjøleskap, støvsugar, miksmaster og fryseboks. - Supermarknader med sjølvbetening – amerikansk forbrukskultur.
Kultur og kommunikasjon - Riksdekkjande kulturinstitusjonar. - I 1960 blei bilsalet frigitt, og fjernsynssendingar begynte. - Vekt på «fakta» i skolen. - Fornorsking av samar og taterar.
Noreg inn i NATO i 1949 - Noreg makta ikkje å halde seg utanfor stormaktskonfliktar i Europa og måtte derfor velje side. - Kritikarane ønskte nøytralitet og var redde for å provosere Sovjetunionen ved å alliere seg med USA.
Kritikk av NATO - Stor debatt da USA i 1957 tilbaud alle NATO-landa atomvåpen og mellomdistanserakettar. - Protestane førte til fire offisielle avgrensingar på den norske NATO- tilpassinga: Ingen framande styrkar på norsk jord i fredstid. Ingen atomvåpen på norsk jord. Ingen NATO-lager i Nord-Noreg. Ingen NATO-øvingar i Finnmark eller NATO-aktivitetar aust for Hammerfest.