190 likes | 295 Vues
NYNORSK. Kapittel 6: Massepolitikk og nasjonar. Elevane skal kunne – drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonalt og kulturelt samhør, men også konfliktar og undertrykking – gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending.
E N D
NYNORSK Kapittel 6: Massepolitikk og nasjonar Elevane skal kunne – drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonalt og kulturelt samhør, men også konfliktar og undertrykking – gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
Uro i industrisamfunnet på 1800-talet - Ein del historikarar legg vekt på at nokre få bygde seg opp enorme formuar og velta seg i luksus, mens dei mange blei nådelaust utnytta. - Andre historikarar hevdar at industrialiseringa var av det gode for alle samfunnsgrupper, men i ulik grad for ulike grupper. - Eit standpunkt det synest å vere semje om: Auka industriproduksjon og auka internasjonal handel førte til at levestandarden for underklassa i Vest-Europa gradvis blei høgare.
Liberalisme Det viktigaste prinsippet i liberalismen var fridom. - Den økonomiske liberalismen sa at staten skulle blande seg minst mogleg inn i alt som hadde med arbeidsliv og økonomisk verksemd å gjere. - Den politiske liberalismen la vekt på fridom for einskildmennesket – ytringsfridom, religiøs toleranse og eigedomsrett.
Sosialisme Det viktigaste prinsippet i sosialismen var rettferd. - Privat eigedomsrett og ein fri marknad med fri konkurranse førte til at nokre få blei rike på kostnad av dei mange. - Arbeidarane sin solidariske kamp mot utbytting og undertrykking måtte til. - Maskinar og fabrikkar burde eigast av staten eller arbeidarane.
Sosiale spørsmål - Gjennom etablering av fagforeiningar og bruk av demonstrasjonar og streikar pressa arbeidarklassa fram politiske og sosiale reformer. - Ein strategi som blei vald av makthavarane for å dempe klassekampen og dei aukande motsetnadene i samfunnet, var å opne for sosiallovgiving, innføring av sjuke- og ulykkesforsikring og regulering av arbeidstid.
Sosiale spørsmål - Mot slutten av 1800-talet begynte liberale politikarar frå middelklassa å ta til orde for sosiale reformer, både fordi dei var sjokkerte over levekåra i arbeidarbydelane, og fordi dei søkte støtte hos arbeidarane i den politiske kampen. - Staten blei meir aktiv. - Etter 1870 auka staten og kommunane sin innsats i dei vestlege industrilanda på fleire område, som skole- og helsestell, offentleg transport og elektrisitetsverk. Kvifor?
Årsaker til reformer - Industrialisering og urbanisering skapte nye behov. - Ny vitskapleg og teknisk innsikt førte til nye løysingar. - Private foreiningar tok initiativ til bygging av skolar og sjukehus og pressa det offentlege til å ta over drifta. - Auka offentleg engasjement i fordeling av omsorgsgode.
Mot massedemokratiet Røysteretten - Mot slutten av 1800-talet blei røysteretten utvida til å gjelde alle vaksne menn. Årsaker - Press frå organisasjonar og politiske rørsler med basis i breie lag av folket. - Ei middelklasse i kraftig vekst kravde demokratisering. - Auka lese- og skriveferdigheiter gjorde argumenta for at den store massen skulle stå utan politisk innverknad, verdilause.
Parlamentarismen Ved inngangen til 1900-talet blei parlamentarismen innført i fleire statar. Det vil seie at dei folkevalde nasjonalforsamlingane fekk rett til å peike ut regjeringane.
Rettar for kvinner - Industrialiseringa og moderniseringa av samfunnet medverka til å endre den tradisjonelle kvinnerolla. - I fleire land hardna kampen for kvinnerøysteretten til i åra før den første verdskrigen. - I USA fekk kvinner røysterett i nokre av delstatane i 1869. I New Zealand fekk kvinnene røysterett i 1893.
Rettar for kvinner - I dei fleste vestlege land fekk kvinner røysterett like etter den første verdskrigen, i 1919–1920, ofte som ei påskjøning av det samfunnsansvaret dei hadde teke under krigen. - I søreuropeiske land, der katolisismen var ei bremse, og i land i andre verdsdelar, måtte dei fleste kvinnene vente på røysteretten til åra etter den andre verdskrigen.
Éin nasjon – éin stat - Nasjonalismen i Tyskland var eit forsøk på å finne fram til eit kulturelt fellesskap - språk, skikkar, historie - som ein gong i framtida kanskje kunne bli grunnlaget for ein samla tysk stat.
Éin nasjon – éin stat I Frankrike blei nasjonen definert som dei som budde innanfor statsgrensene. Det kulturelle fellesskapet var ein konsekvens av at alle innanfor dei franske grensene hørte til den same staten.
Éin nasjon – éin stat - Både fransk og tysk nasjonalisme delte den oppfatninga at eit «folk» burde råde over sin eigen lagnad. - Kortversjonen av programmet i nasjonalismen: Éin nasjon – éin stat!
Eit lappeteppe av nasjonalitetar Store delar av Sentral- og Aust-Europa var dominerte av store imperium eller dynastistatar der ulike nasjonalitetar hørte inn under same fyrstehus. Dersom nasjonalismeprogrammet, «éin nasjon – éin stat», blei verkeleggjort, ville statar av denne typen bli sprengde.
Eit lappeteppe av nasjonalitetar I eit belte i Sentral- og Sør-Europa var språkleg og kulturelt einskaplege befolkningar derimot delte opp i fleire statar. Skulle desse statane samlast til større nasjonalstatar, ville det føre med seg ei fullstendig omkalfatring av det sentrale Europa.
Samlinga av Italia og Tyskland Likskapstrekk i samlingsprosessane - Både i dei italienske og dei tyske statane hadde innbyggjarane eit felles språk. - Både italienarar og tyskarar dyrka historia om ei gloriøs stordomstid. - I begge områda var det sterk vekst i industri og handel.
Samlinga av Italia og Tyskland - Både i det tyske og det italienske området var det sterke nasjonale rørsler, og begge hadde lidd bitre nederlag i 1848. - Både dei italienske og dei tyske statane blei samla til einskaplege nasjonalstatar baserte på autoritært leiarskap og på militærmakt. - Både det nye Tyskland og det nye Italia voks fram gjennom krigar.
Den amerikanske borgarkrigen Eit historisk vasskilje - Ein moderne og sterk nasjonalstat blei skapt med våpenmakt. - Nasjonen endra karakter frå å vere ei laus samling av statar til å bli ei meir sentralstyrt eining. - Politisk makt blei samla i Washington. - Demokratiet blei styrkt. - I namnet fekk den farga befolkninga dei same rettane som andre innbyggjarar.