1 / 38

Utgongspunkt for undervisninga :

Psykiatri. Alle har vi ei psykisk helse.Kva er god psykisk helse for deg ?Kva gjer du for oppretthalde god psykisk helse ?Kva er vere psykisk sjuk ?. Utgongpunkt for kontaktetablering og samhandling :. Eit kvart menneske er unikt i seg sjlv.Eit kvart menneske opplever sin psykiske sjukdom o

pelagia
Télécharger la présentation

Utgongspunkt for undervisninga :

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


    1. Utgongspunkt for undervisninga : Eg ønskje å utfordre deg som treningskontakt på dine holdningar. Gode holdningar gjev gode handlingar. Eg ønskje at du får meir kunnskap og innsikt, så du møter brukaren som : Medmenneske Likesinna Med respekt Med verdigheit At du ser mennesket bak diagnosa og symptoma.

    2. Psykiatri Alle har vi ei psykisk helse. Kva er god psykisk helse for deg ? Kva gjer du for å oppretthalde god psykisk helse ? Kva er å vere psykisk sjuk ?

    3. Utgongpunkt for kontaktetablering og samhandling : Eit kvart menneske er unikt i seg sjølv. Eit kvart menneske opplever sin psykiske sjukdom og symptom på sin eigen måte. Vi må tenkje individuelt, og lytte til kva brukaren sjølv gjev uttrykk for. Kva opplever brukaren som sitt største problem ? Kva slit og kjempar han med? Kva meistringsstrategiar har brukaren sjølv utvikla ? Kva behov for hjelp definerar brukaren sjølv ? Utifrå dette tenkje behandling/oppfølging/rehabilitering.

    4. Slik tenkning er utfordrande for fagfolk. Vi veit best ( ut frå faglege kriteriar ? ) kva som gagnar kvar brukar best !!!!!!! I dag er ”brukarmedverknad” noke meir enn honnørord. Det går sakte framover. Fagmiljøa held igjen i praktisk kvardag, og brukarorganisasjonane pressar på.

    5. Definisjon på helse : WHO : ”Helse er ikkje berre fråvær av sjukdom og svakheit, men ein tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosialt velvære.” Er dette utopi ? Eit uoppnåeleg ideal som i seg sjølv kan vere sjukdomsframkallande.

    6. Definisjon på Psykisk Helse : ”Fråvær av symptomar på psykisk sjukdom.” Sosial-og Helsedirektoratet 2004. ”Psykisk Helse er evna til å fordøye livets påkjenningar.” Sidsel Gilbert.

    7. ”Mental helse viktigaste faktor for enkeltmenneske sin oppfatning av sin eigen helsetilstand.” Filosofiske tankar frå Lars Tjensvoll, lege, 1998.

    8. Våre subjektive faktorar av betydning for mental helse : Eksistensielle og religiøse faktorar Moralske haldningar Sjølvbildet Stress Emosjonelle faktorar Sosiale relasjonar Fridom - Trivsel

    9. Livskvalitet som psykisk velvære : Vår subjektive oppleving av å ha det godt. Vi har ein grunnstemning av glede. Siri Næss. God helse er mål i seg sjølv, ein positiv verdi.

    10. Diagnose-systemet. ICD-10 :(International Classification of Diseases) Vi kallar det ein psykisk liding, når tilstanden/sjukdomen tilfredsstillar kriteriane i det internasjonale diagnosesystem. Dei psykiatriske diagnosane er beskrivande, og basert på symptoma. Dei psykiske lidingane er inndelt i hovudgrupper, som igjen er inndelt i undergrupper. Diagnosebilda er blitt meir kompliserte. Det kan vere svært vanskelg til tider å setje ein diagnose. Ved utskriving frå sjukehuset skal det vere sett ei diagnose.

    14. DEPRESJON Det er rekna ut at depresjon i 2020 vil vere eit av dei største helseproblema i verda. I aldersgruppa 15-44 år var depresjon den sjukdom som førde til mest oppleving av tapt livskvalitet i verda. (Dette er målingar frå WHO frå 1996 ).

    15. Depresjon En depresjonsdiagnose får du først, når du må ha hjelp av profesjonelle for å komme deg ut av den. Depresjon er å føle seg konstant nedtrykt. Ubearbeidd sorg kan føre til depresjon . Forstyrrelse av sjølvbildet (lavt), skyldfølelse og sjølbebreiding. Uklare meiningar om korfør du er trist. Tidsaspektet kan ha betydning.

    17. Kriteriar for depresjonsdiagnose Fem el. fleire av desse symptoma må vere til stades i same 2 vekers periode : Minst eitt av symptoma må vere pkt.1 el.2: Senka stemningsleie Nedsatt interesse for aktivitetar. Betydeleg vekttap eller vektauke. Søvnløyse eller unormalt mykje søvn. Psykomotorisk rastløshet eller treghet. Trettbarhet eller mangel på energi. Sjølvbebreidelsar eller urimeleg skuldkjensle. Nedsatt konsentrasjonsevne. Tilbakevendande tankar om døden.

    18. Forskjellige depressive lidingar Dystym liding = under normalen,jevnt senka stemningsleie. Unipolar depressiv liding = Tilbakevendande djupe depresjonar. Bipolar Manisk/Depresssiv lidelse = Episodar med både mani og depresjon. Prosentdel av befolkninga som får ein alvorleg depresjon i løpet av livet, 10 %. Kan ha eit kronifiserande forløp.

    19. Årsak : Alvorlege depresjonar : Stor arveleg komponent. Også miljøbetinga. Kan ubehandla utviklast til psykose. Lettare depresjonar : I vesentleg grad miljøbetinga : som vonde opplevingar i barndom og/eller i vaksen alder. Over 60% er utløyst av kjærleikssorg,skilsmisse, separasjon, dødsfall, tap av arbeid eller flytting til ny stad. Hyppigare hos kvinner enn hos menn – kvifor ?? Tek menn ut depresjon i rusing og aggressive handlingar ? Eller er menn meir fysisk aktive ?

    20. Behandling : Ved lette depresjonar : Fysisk aktivitet som interesserar. Bruke nettverk av familie og gode vener. Møte forståing, ikkje bebreiding. Samtaleterapi/kognitiv terapi. Medikament har mindre effekt.

    21. Behandling forts. : Ved alvorlege depresjonar : Samtaleterapi V/innleggelse . Miljøterapeutiske tiltak. Medikamentell behandling. Noken har nytte Elektrokonvulsiv terapi. Tidleg tenkje fysisk aktivitet ; eks. gåtur. Innlegging grunna utvikling av vrangforestillingar, psykoser,suicidalitet.

    22. Depresjonen virkar inn på mennesket på ulike måtar : Følelsar Adferd Tankemønster Kroppslege reaksjonar. Vi kan lett oppleve dei late , asosiale, uansvarlege og sjølvopptekne. Men : Dei manglar motoren/”drivet”.

    23. Korleis skal vi møte den deprimerte ? Roleg, varm, aksepterande, optimistisk holdning. Bli kjent. Ta personen på alvor. Små steg. Tålmod. Tilpasse krav til yteevne. Oppleve mestring. Kva opplevde personen som positivt i livet før depresjonen ? Har du drive med fysisk aktivitet tidlegare? Motivere til aktivitet/mestring.

    24. Psykoser : Def. : Realitetsbrist. Psykoser = symptomar/uttrykksformer/tilstand, og ikkje ein eigen diagnose. Psykose : Gradvis manglande evne til å skille mellom seg sjølv og omverda. Opplevast som ein dramatisk uvirkelighetsfølelse.

    25. Symptom : Vrangforestillingar Hallusinasjonar Tankeforstyrrelsar Affektforstyrrelsar Tilbaketrekning/isolasjon Motivasjonsproblem Nedsatt funksjonsnivå.

    26. Korleis forholde oss til dei psykotiske brukarane ? Sentrale begrep : - Kommunikasjon, kontaktetablering, alliansebygging, vere medmenneske, profesjonalitet. - Grunnlaget er trygghet. Men, vi forbinde trygghet med mestring, tillit, det kjende og kjære, samarbeid, fråvær av fare osv. Den psykotiske opplever mangel på trygghet, fordi han manglar dette. Korleis kan vi skape trygghet for den psykotiske ? Vise respekt, akseptasjon, empati, vere ekte.

    27. Kontaktetablering : Faktorar hos pasienten som gjer kontakt vanskeleg : Angst Samanblanding av indre og ytre verd. Tap av evne til realitetstesting. Hallusinasjonar. Vrangforestillingar.Påvirkningsidear. Forvirring/dårleg orienteringsevne.

    28. Vi må møte desse menneska med trygghet og respekt, då dei sjølv ofte manglar sjølvrespekt. Vere open, direkte og klar i veremåte. Kommunikasjon : Enkelt språk, korte setningar, eg-form i staden for du ( som skapar avstand ), klare, eintydige Ja og Nei, Unngå å bruke ALLTID og ALDRI, unngå å bruke BURDE og KVIFOR, gje pas. Tid til å svare. Totalkommunikasjon : 45% av kommunikasjonen er verbal : 7% er ordinnholdet 38% er stemma – tonefall osv. 55% er nonverbal kommunikasjon.

    29. Angst Angst er ein sterkt ubehageleg følelse av å vere redd og anspent. Sjukeleg angst : Du reagerar slik som ved frykt og redsel, men utan at det er nokon eigentleg grunn for det. Langvarige angstproblem fører ofte til depresjonar. Angst er ofte del av symptombilde på andre psykiske lidelsar.

    30. Ulike formar for angst . Panikklidelse. Fobiar : - Agorafobi. - Sosial fobi. - Spesifikk fobi. Tvangslidelse Generell angst Forekomst : Totalt 25% av alle. Kvinner dobbelt av menn, unnateke sosial fobi.

    31. Angst forts. Vi har ein angstlidelse, når angsten begrensar mulegheitene for den daglege sosiale utfoldelsen og pregar tilværelsen. Sårbarhet kan def. som ein person sin oppfatning av seg sjølv i fht. ytre farer, der kontrollen manglar eller er mangelfull for å gje personen trygghet/sikkerhet.

    32. Sårbarhet fører til tanketilbøyeligheter som : ”Sjølvsaboterande” tankeprosessar Forventning om katastrofe. Å trekke forhasta slutningar. Å overgeneralisere. Å fokusere på visse aspekt, mens andre oversjåast. Svart/kvitt-tenkning/bruk av absoluttar. Hyppig bruk av overdrivelsar. Ei kan sjå på meg at……..”

    33. Klar sammenheng mellom tankeprosessar og fysiske reaksjonar. Eks. ”Føler seg hjelpelaus, passiv og svak. Har muskelspenningar og skjelvingar. Behandling : Fysisk aktivitet, eksponeringstrening, kognitiv terapi. Urolege brukarar finn ofte ro gjennom fysisk aktivitet. Korleis forheld du deg til din angst ?

    34. Tvangslidelsar : Inndeling i tvangstankar og tvangshandlingar. Tvang er symptom som vi kan sjå i andre psykiske lidingar : - Ein rein tvangslidelse. - Del av ein depresjon. - Del av ein schizofreni. Ca. 0,5% av befolkninga har grad av tvang som bør behandlast. Utan behandling har 85% eit kronisk forløp. Tvang fører ofte til isolasjon og store sosiale handikap.

    35. Behandling : Eksponeringsterapi med responsprevensjon. Medikamentell behandling. Kombinasjonsbehandling gjev best effekt.

    36. Personlighetsforstyrrelsar : 2 begrep : Personlighetstrekk Personlighetsstruktur Personlighetsforstyrrelse = utviklingsforstyrrelse. Antisosial Ustabil Dramatiserande Narcissistisk Personlighetsforstyrrelser (PF)er lett å forveksle mede andre tilstander : PF : Psykoser, stemningslidelsar, angstlidelsar : PF.

    37. Personlighetstrekk kan vere : Bevisste – kan skjulast. Ubevisste – dei ein ikkje sjølv veit om, men som andre merkar = Problemskapande. Forekomst : 7 – 10 % av befolkninga. Ustabil personlighetsforstyrrelse Også kalla Borderline. Ein borderliner : Ligg på grensa mellom nevrose, psykose og det normale. Har heilt bestemte personlighetstrekk og adferd s.eks. : Impulsstyrt adferd, følelsesmessig ustabil, selvbeskadigende adferd/suicidale truslar, ustabil identitetsfølelse, ustabile og intense relasjonar til andre, følelse av tomhet. Forekomst : Kvinnene hamnar i psykiatrien, mennene hamnar i fengsel. Fare for sjølvskading og suicidalitet.

    38. Spiseforstyrrelsar Mest kjente former : Anorexia nervosa. Bulimia nervosa. ”Det vanskelegaste i verda er ikkje å bli noke, men å vere seg sjølv. Startar som regel i puberteten, noken ggr. Også i 20-25 års alder. Ein kan ha fleire episodar, og få det igjen som gammal. Ein kan veksle mellom periodar med begge. Hos desse er det sjeldan samsvar mellom grad av fysisk aktivitet og væske/ernæring. Vi skal derfor vere forsiktige med å foreslå for mykje fysisk aktivitet her.

More Related