1 / 4

BARFOT HOVRØKT OG

BARFOT HOVRØKT OG. NATURLEG HESTEHALD. med Sigbjørn Ånes på Sogn Jord- og Hagebruksskule 7. – 9. mars 2008. Lurar du på: Korleis er hoven oppbygd? Korleis verkar ein hov? Kva som skal til for at ein hest skal vera høgtytande og barfot ?. Vil du : Ha ein glad og arbeidsvillig hest

dane
Télécharger la présentation

BARFOT HOVRØKT OG

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. BARFOT HOVRØKTOG NATURLEG HESTEHALD med Sigbjørn Ånes på Sogn Jord- og Hagebruksskule 7. – 9. mars 2008 Lurar du på: Korleis er hoven oppbygd? Korleis verkar ein hov? Kva som skal til for at ein hest skal vera høgtytande og barfot? Vil du : Ha ein glad og arbeidsvillig hest At hesten din skal ha eit mest mogeleg naturnært uteliv. Ha ein holistisk og økologisk tilnærming til hestehaldet www.handnesgarden.no Ved å observere hestar i naturen kan vi læra kva som skal til for at hestane har eit innhaldsrikt liv og held seg friske

  2. Naturleg hestehald er ei holistisk, vitenskapeleg metode med utgangspunkt i anatomi, fysiologi og atferdslære. Metoden vart utvikla parallellt i Tyskland av veterinæren Hiltrud Strasser og i USA av hovslagaren Jamie Jackson på 1980-talet. Begge tok aukande helseproblem hos tamhestar på alvor. Menneske sin uforstand hadde ført til eit ekstremt unaturleg liv der hestar bur store delar av livet i små bur og får jernsko spikra på hovane for i det heiletatt kunne bevege seg. Med kvart sitt utgangspunkt, den eine frå veterinærmedisin og den andre frå studier av ville mustanger har dei tilsaman gitt viktig kunnskap. Handnesgarden har med sin mangeårige erfaring utviklet sin egen variant som i større grad er tilpassa norske forhald. Å arbeide med hestar i ei naturleg ramme vil seie at ein søkjer svar på deiutfordringane ein får i hestehaldet, nettopp i naturen. I størst mogleg gradlegg ein tilrette for at dei organiserande kreftene som alle levende vesenhar, får fungere godt. Gjennom dette oppnåer ein størst mogleg velvere fysisk og psykisk for hesten. Ein partnar i arbeid, sport, og fritid som har overskott og arbeidslyst. Påmelding til Hannah Jane Wood Tlf: 97541566 E-post: hannah.wood@sfj.no Kursavgift 1000,- økologisk gard og senter for naturleg hestehald

  3. Kursplan for 1 helg  Kurset er for den bevisste hesteeigar som vil ha meir kunnskap om kva som skal til for å gi hesten eit sunt og naturleg hesteliv. Kurset gir ei større forståing av kva krav hesten stiller til bustad, fôr, stell og sosial kontakt med artsfrender. Dei fleste vil kunne på grunnlag av kurset kunne utføre ein vedlikehaldstrim på eigen hest. Vi er innom desse tema: Barfot hovtrim Trimming av kadaverbein og levande hestar Hoven sin anatomi, fysiologi og funksjon Oppsetting og vedlikehald av utstyr Handtering av hesten ved hovrøkt Årsaker til halting og hovproblemer Konsekvensar av jernskoen Generell helse Temperaturregulering Foring Utegang Flokkliv

  4. Sigbjørn Ånes er under utdanning som Hoofcare Specialist etter Strassermetoden og vil ta eksamen i februar 2008, norsk hovslagareksamen frå 2005 og har hovkurs med Pete Ramey. Ellers utdanning innafor hestefag, vegleiing i friluftsliv, treskjæring og møbelsnekring. Sigbjørn har erfaring med hestar sida tenåra og trimma vår første hest barfot i 1986. Vi trudde på den tida at det var nødvendig å sko hestane om dei skulle brukast mykje fordi hovane ville slitast ned. Erfaring synte imidlertid at det uannsett var nødvendig å trimme hovane fordi dei vart lange. Trass sporadisk skoing og dårleg samvet for skolause hestar i mange år kunne vi ikkje ta barfot som metode heilt på alvor. I 1996 Kom vi over ei bok av J.Jackson og vart overbevist at hestar i aktiv bruk kunne fungere utan sko ved rett hovtrim. Over 10 år seinare veit vi at dette er eit faktum. For å dele vår kunnskap og erfaring med fleire starta Sigbjørn saman med kona si i 2003 Handnesgarden -senter for naturleg hestehald der hesteeigarar kan få kunnskap om både klikkertrening, utegang og barfot hovtrim. Idag trimmar Sigbjørn regelmessig nærare 100 hestar. I tillegg tar vi inn hestar med hovsjukdomar og problem slik at dei ved hjelp av utegang og barfottrim kan gjennvinne helsa. På garden har vi ca 20 hestar og vi er godkjent lærlingebedrift i hestefaget. Vi har god erfaring med at hestar som lir av forfangenheit, hovsenebeinsbetendelse, hovbeinsrotasjon, nedsenka hovbein, hovsprekkar og separasjonar, hovråte, strålesopp, kontraherte hovar, liten framdrift, dårlege rørsler, snubling, fyllinger, mugg og raspe, sjukeleg fedme, problem med å bygge hald, tvangshandlingar og agressivitet kan bli hjelpt ved å få leve ute i flokk, få naturleg økologisk fôr og få trimma hovane barfot.

More Related