80 likes | 196 Vues
Velkomen til NM i friidrett på Byrkjelo. NM i friidrett 2011 – vi set miljø i fokus og er godkjent miljøfyrtårn. NM tilbake på Byrkjelo.
E N D
Velkomen til NM i friidrett på Byrkjelo NM i friidrett 2011 – vi set miljø i fokus og er godkjent miljøfyrtårn
NM tilbake på Byrkjelo Dette er tredje gong NM i friidrett vert arrangert på Byrkjelo. Ved tildeling av NM i friidrett 2011, stadfestar Byrkjelo sin posisjon som tungvektarinnan store friidrettsarrangement i Norge. 1982 B-NM 1982 – 1987 Byrkjelo Games 1983 Junior NM 1987 NM i mangekamp og landskamp Norge/England/Belgia 1988 NM i friidrett 1991 Veteran NM 1993 – 1998 Byrkjelo Games 1997 Junior NM 1999 NM i friidrett 2006 UM i friidrett 2011 NM i friidrett
Byrkjelo, best etter Bislett Byrkjelo stadion er den arena i Norge, etter Bislett, som har dei sterkaste banerekordane med store internasjonale stjerner og pr. i dag 2 norske rekordar. Norske rekordar
Arrangørklubben, BBIL – 100 år Arrangørklubben Breimsbygda idrettslag fyller 100 år i 2011. Breimsbygda ligg midt i Sogn og Fjordane, med forbindelse mot både Florø, Førde, Eid, Stryn og Sogndal innan 1 ½ time. Laget er eit aktivt fleiridrettslag og har i dag over1000 medlemmer. Dette er meir enn halvparten av alle som bur i bygda. Aktiviteten er svært stor med trening for alle aldrar frå 2-3 år og opptil 80. Laget har motteke verdiprisen for sin innsats for barn og unge. Laget har tett samarbeid med andre klubbar i Gloppen kommune, også gjennom overbyggingsklubben innan friidrett, Gloppen FIL. Det vert også samarbeida på tvers av kommunegrenser, mot Jølster, Florø og Stryn. Eit vellukka NM i friidrett vil føre store verdiar tilbake til vidare aktivitet og utvikling av idrett i heile regionen.
Siste sjanse før VM i Sør Korea NM på Byrkjelo vert siste kvalifiseringssjanse før VM i Daegu i Sør Korea (27. august – 4. september 2011) Alle dei beste norske utøvarane (også dei som er klar for VM er plikta å stille). Det er dermed duka for stor idrett på Byrkjelo i august 2011 med fleire potensielle verdensmesterar og medaljekandidatar i VM. Det er venta minst 6-8000 tilskodarar. I tillegg kjem over 500 utøvarar og støtteapparat til område dessedagane. God TV og pressedekning der alle utøvarar blir fulgt tett i siste forberedelsar før VM. Totale sjåartal på TV kan passere 1 million i løpet av denne helga (sjå eigne tall under TV/Presse)
Lokalt, regionalt og nasjonalt Våren og sommaren 2011. Aktivitetar og kulturarrangement i heile regionen. Eigne NM aviser og marknadsføring for å trekke publikum si interesse og godt oppmøte i august 2011. NM veka. Aktivitetar og kulturarrangement i Gloppen, Nordfjord og Sogn og Fjordane. Målsetninga er at dette NM skal veresynleg i lang tid før sjølve arrangementet. Eiga NM avis kjem veka før NM. Vi har fleirelokale utøvararfrå Sogn og Fjordane med medaljesjansar (spesielt frå Gloppen og Florø) Nasjonale stjerner i verdsklasse med VM og OL gull Eigne sponsorarrangement før og under NM. Fokus på relasjonsbygging og motivasjon. Eige sponsor og pressearrangement i NM veka. Trude Raad. Utøvar frå Breimsbygda med mål om fleire gull under NM på heimebane. Ho har tidlegare delteke og vunne medaljar i fleire NM og VM, både for senior og aldersbestemte klassar. Ho tok to gull i OL for døve i 2009, samt at ho vart kåra til årets idrettskvinne i 2008, berre 18 år gammal.
Før, under og etter NM ønskjer vi å setje idretten i eit større perspektiv. På denne måten håpar vi å sette fokus på viktige faktorar og gje positiv merksemd både på idretten og dei som støttar den. Idrett i eit større perspektiv Idrett og miljø (+ idrett mellom fjord og fjell). Idrett og trafikktryggleik. Idrett, fysisk aktivitet og helse. Idrett og kultur (lokal mat, musikk og underhaldning) OBS: Desse aktivitetane er under utarbeiding. Innhald og omfang er difor framleis noko usikkert, og vil vere avhengig av gode sponsoravtaler.