1 / 36

DSA Den Store Arbeidsplassundersøkinga 2010

DSA Den Store Arbeidsplassundersøkinga 2010. Regional skolering vår 2011 Tillitsvalde i grunnskolen Trond Hofvind , seksjonsleder grunnskole Utdanningsforbundet Hordaland. Leksehjelp 1 (svar frå 134 skular). • Det store fleirtalet av skulane tilbyr leksehjelp.

tiva
Télécharger la présentation

DSA Den Store Arbeidsplassundersøkinga 2010

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. DSADen Store Arbeidsplassundersøkinga 2010 Regional skolering vår 2011 Tillitsvalde i grunnskolen Trond Hofvind, seksjonsleder grunnskole Utdanningsforbundet Hordaland Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  2. Leksehjelp 1 (svar frå 134 skular) • Det store fleirtalet av skulane tilbyr leksehjelp. • Det store fleirtalet av leksehjelparane er assistentar, men det er også lærarar som tek del i dette arbeidet (om lag ein tredel av skulane melder om at lærar(ar) som er leksehjelpar). • Overslag: over 100 lærarar ved kommunale barneskular i Hordaland gir leksehjelp. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  3. Leksehjelp 2 • Det store fleirtalet av lærarane som gir leksehjelp, gjer dette innanfor arbeidsplanfesta tid. • Nær tredelen av lærarane (29%) som gir leksehjelp får ikkje leksehjelpa rekna som undervisning. 71% får rekna dette som undervisning. • Få lærarar (8%) nytter ”seniortida” til å gi leksehjelp. • Det typiske er at lærar som gir leksehjelp, nyttar ein time per veke til dette arbeidet. Nokre få bruker mykje meir (tre eller fire timar). Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  4. Leksehjelp 3 • Berre 6% av skulane melder at kontaktlærarane har fått auka kontaktlærarressurs for samarbeid med leksehjelpa. • 40% rapporterar at kontaktlærarane har fått auka arbeidsbyrde, som ikkje er kompensert på noko vis. Har kontaktlærarane fått auka arbeidsbyrde, som ikkje er kompensert på noko vis, som fylgje av leksehjelpordninga? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  5. Leksehjelp 4 • 41% av skulane rapporterar at det blir gitt rettleiing til leksehjelparar som er utan lærarutdanning. 59% opplysar at slik rettleiing ikkje blir gitt. • Skuleleiarane, særleg rektorane tar største del av jobben med rettleiing til leksehjelparar som er utan lærarutdanning. Lærarane er den andre gruppa som gir slik rettleiing. Kven gir rettleiing? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  6. Leksehjelp 5 • Rektor har, som forventa, det overordna ansvaret for leksehjelpa ved det store fleirtalet (90%) av skulane. (sjølv om det ikkje automatisk følgjer av opplæringslova, slik det gjer for ”fysisk aktivitet”) • Ved fleirtalet (88%) av skulane som svarar på dette spørsmålet, vert det ikkje avsett ekstra tid for ansvar/administrasjon av leksehjelpa. Det er kommunen sitt ansvar å fordela ressursar til skuleleiing. Leksehjelp er ei monaleg stor og viktig ny oppgåve for dei fleste barneskular. • 42 skular har, på fritt grunnlag, gitt kommentarar. Det heilskaplege inntrykket er at tillitsvalde uttrykker ei klart kritisk haldning til ordninga generelt og eller slik denne vert praktisert. • Ein peiker på utfordringar knytt til kvalitet, val av klassetrinn, ressursar og arbeidsvilkår. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  7. Leksehjelp - diskusjon • Nær tredelen av lærarane (29%) som gir leksehjelp får ikkje leksehjelpa rekna som undervisning. 71% får rekna dette som undervisning. • Få lærarar (8%) nytter ”seniortida” til å gi leksehjelp. • Berre 6% av skulane melder at kontaktlærarane har fått auka kontaktlærarressurs for samarbeid med leksehjelpa. • 40% rapporterar at kontaktlærarane har fått auka arbeidsbyrde, som ikkje er kompensert på noko vis. • 41% av skulane rapporterar at det blir gitt rettleiing til leksehjelparar som er utan lærarutdanning. 59% opplysar at slik rettleiing ikkje blir gitt. Kva av dette må vi ta tak i på skulenivå? Kva skal vi meine? Korleis skal tillitsvald jobbe med saka? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  8. Rettleiing av nytilsette, nyutdanna 1(svar frå 153 skular) KS og KD inngjekk i fjor ei avtale som har som intensjon at alle nytilsette, nyutdanna lærarar skal få tilbod om rettleiing frå og med skuleåret 2010-11. Kven dette gjeld: KS opplyser at ”avtalen legg til grunn at det er trong for systematisk rettleiing og oppfølging dei første åra læraren er i arbeidslivet. I utgangspunktet gjeld rettleiinga ferdig utdanna lærarar”. I denne undersøkinga reknar vi ”nytilsette nyutdanna” å vere ferdig utdanna lærarar som er i sitt første eller andre arbeidsår som lærar. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  9. Rettleiing 2 • 35% melder at dei har nytilsette lærarar som er nyutdanna, med til saman 79 nytilsette nyutdanna lærarar. Vi kan difor rekne med totalt ca 150 ved alle kommunale grunnskular i Hordaland. • Berre litt over halvparten av dei nye har fått tilbod frå arbeidsgjevar om rettleiing. Fleirtalet av desse (ca 90%) har takka ja. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  10. Rettleiing 3 • Halvparten skulane som er i gong med rettleiing av nye, oppgjer at lærar skal utføre rettleiaroppgåva. • Svara tyder på at når lærar skal rettleia, er dette fordelt mellom lærarar med funksjon (teamleiar, trinnleiar, rådgjevar eller liknande) og kontaktlærarar. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  11. Rettleiing 4 • Ved halvparten av skulane har læraren ikkje fått avsett tid på arbeidsplanen sin til rettleiaroppgåva. • Dei som har fått avsett tid: mellom 0,2 og 2 klokketimar per veke. Fleirtalet har fått avsett under 1 time. • Berre ved 4 skular (16%), har læraren fått nedsett undervisningsplikt til rettleiaroppgåva. (med 0,75, 1 eller 2 undervisningstimar per veke) • Ved 4 skular (16%) vert læraren sin seniortid nytta. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  12. Rettleiing 5 • Ved mange skuler er det skuleleiar som rettleier. • Rektorane er dei av skuleleiarane som oftast tar på seg rettleiing av nye lærarar. • Berre 12% av skulane som har svart, melder om at skuleleiaren har fått ekstra tid til rettleiingsoppgåva. • Dei skuleleiarane som har fått tid, har fått ein halv time per veke. Ein skule oppgjer at skuleleiar har fått redusert undervisningsplikt (ein halv undervisningstime per veke). Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  13. Rettleiing 6 • Ved 28% av skulane har dei nyutdanna fått avsett tid på sin individuelle arbeidsplan for å ta i mot rettleiing. Dei som har fått avsett tid på arbeidsplanen, har fått mellom 0,3 og 1 time per veke. • Berre i eitt tilfelle har den nytilsette nyutdanna fått redusert undervisninga (ein undervisningstime per veke). Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  14. Rettleiing - diskusjon • Berre litt over halvparten av dei nye har fått tilbod frå arbeidsgjevar om rettleiing. • Ved halvparten av skulane har læraren ikkje fått avsett tid på arbeidsplanen sin til rettleiaroppgåva. Berre ved 4 skular (16%), har læraren fått nedsett undervisningsplikt til rettleiaroppgåva. • Ved 4 skular (16%) vert læraren sin seniortid nytta. • Ved 28% av skulane har dei nyutdanna fått avsett tid på sin individuelle arbeidsplan for å ta i mot rettleiing. Dei som har fått avsett tid på arbeidsplanen, har fått mellom 0,3 og 1 time per veke. • Berre i eitt tilfelle har den nytilsette nyutdanna fått redusert undervisninga (ein undervisningstime per veke). Kva av dette må vi ta tak i på skulenivå? Kva skal vi meine? Korleis skal tillitsvald jobbe med saka? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  15. Fysisk aktivitet 1 • Frå 1. august 2009 fekk elevar på 5.-7. årstrinn rett til jamleg fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Til saman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.-7. årstrinn, jf. fag- og timefordelinga. Reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale gjeld ikkje. • Barneskulane i Hordaland har organisert jamleg fysisk aktivitet . Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  16. Fysisk aktivitet 2 • Lærarane har i størst grad har fått oppgåva med å planleggje og førebu. • Mange assistentar og nokre skuleleiarar gjer også dette arbeidet. • Sidan fysisk aktivitet er del av elevane sin opplæring, er det grunn til undring over at ikkje-pedagogar gjer så mykje av planleggingsarbeidet. Kven planlegg og førebur ? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  17. Fysisk aktivitet 3 • Ved 21% av skulane, som svarte på spørsmålet, hadde læraren ikkje fått avsett tid på sin individuelle arbeidsplan til å planleggja og førebu fysisk aktivitet. • Dette er ikkje godt nok i høve retten lærarane har til individuell arbeidsplan. • Lærarar som har avsett tid på arbeidsplanen, har fått mellom 2 og 0,25 klokketimar til planlegging og førebuing av fysisk aktivitet. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  18. Fysisk aktivitet 4 • Ved 24% av skulane har læraren ikkje fått redusert undervisning for å gjennomføre (leie) fysisk aktivitet. • Denne situasjonen er det er trong til å undersøkje nærare med tanke på tiltak. • Lærarar som får redusert undervisning, har fått mellom 2 og 0,3 undervisningstimar (a 45 min) i veka. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  19. Fysisk aktivitet 5 • Alle barneskuleelvar har no rett til ”fysisk aktivitet”. Dette er ei ny oppgåve for skulen. • Undersøkinga har berre fanga opp ein rektor som har fått auka tid til leiing for det nye ansvaret/den nye oppgåva (jamleg fysisk aktivitet som del av opplæringa ved skulen). • Denne situasjonen er det er trong til å undersøkje nærare med tanke på tiltak. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  20. Fysisk aktivitet - diskusjon • Ved 21% av skulane, som svarte på spørsmålet, hadde læraren ikkje fått avsett tid på sin individuelle arbeidsplan til å planleggja og førebu fysisk aktivitet. • Ved 24% av skulane har læraren ikkje fått redusert undervisning for å gjennomføre (leie) fysisk aktivitet. Kva av dette må vi ta tak i på skulenivå? Kva skal vi meine? Korleis skal tillitsvald jobbe med saka? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  21. Byrdefullressursen 1 (SFS 2213) • Ressurs til lærere med en byrdefull arbeidssituasjon fastsettes til 2 årsrammetimer per elev ved den enkelte grunnskole… Fordeling av ressursen drøftes på den enkelte skole/enhet... Tidsressursen skal brukes til å lette lærerens og/eller skolelederens arbeidssituasjon. Dette gjøres som hovedregel ved reduksjon av antall undervisningstimer. Den enkeltes arbeidsbyrde kan også ved partsenighet lettes ved å øke personaltettheten og derved tilpasse fordeling av arbeidsoppgaver. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  22. Byrdefullressursen 2 • 24% av dei tillitsvalde på skulane er ikkje informerte om resultatet av utrekninga av ”byrdefullressursen”. • Paradoks: Fleire er orienterte om fordelinga enn om utrekninga av byrdefullressursen. • Når kvar fjerde tillitsvald ikkje er informert om denne viktige ressursen, og nesten like mange ikkje har vore med å drøfte fordelinga, kan vi ikkje vere nøgde med medråderett-stoda. • Det store fleirtalet (95% av dei som svarar) av tillitsvalde melder om at heile ressursen er fordelt og nytta. Det er likevel grunn til å merke seg at 17% svarar ”veit ikkje”. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  23. Byrdefullressursen 3 • 82% av skulane følgjer hovudregelen ”reduksjon av antall undervisningstimer” når byrdefullressursen vert nytta. Kven har fått redusert undervisning? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  24. Byrdefullressursen 4 • 18% av skulane følgjer ikkje hovudregelen ”reduksjon av antall undervisningstimer”. • Med grunnlag i undersøkinga kan vi hevde at fleire skular nytter ressursen til å styrke bemanninga. • Ved fleirtalet av skulane som nyttar byrdefullressursen til ”auka personaltettleik”, melder tillitsvalde om semje. Men eit monaleg antal tillitsvalde svarar ”veit ikkje” på dette spørsmålet. • Her er det rom for undring. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  25. Byrdefullressursen 5 • Resultata gir ei klår peikepinn om at det er vanleg at byrdefullressursen vert nytta til ”styrking med assistent”. • Dette er ikkje god bruk av ressursen og tyder på at byrdefullressursen brukast i høve generell ressursmangel – og ikkje slik den er meint nytta. Kva tydar auka personaltettleik? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  26. Byrdefullressursen 6 • 21% melder om at byrdefullressursen vert nytta til elevsamtalar. • Dette er ikkje rett bruk av denne ressursen, og eit uttrykk for at oppgåva ”elevsamtale” ikkje er finansiert tilfredsstillande. • 43% av dei som svarte melde om at elevsamtalar ikkje vert rekna som undervisning. • Når vi veit at gode elevsamtalar krev for- og etterarbeid, er dette ikkje ein god situasjon. Dei tillitsvalde må vurdere å ta opp dette spørsmålet i drøftingar. • Gjennomlesing av meldingane frå tillitsvalde styrkar inntrykket av at byrdefullressursen er ei av dei få moglegheitene som skulane har til å dekke inn ulike oppgåver dei elles ikkje finn ressursar til. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  27. Byrdefullressursen - diskusjon • Kvar fjerde tillitsvald ikkje er informert om denne viktige ressursen, og nesten like mange ikkje har vore med å drøfte fordelinga. 18% av skulane følgjer ikkje hovudregelen ”reduksjon av antallundervisningstimer”. • Med grunnlag i undersøkinga kan vi hevde at fleire skular nytter ressursen til å styrke bemanninga. • Ved fleirtalet av skulane som nyttar byrdefullressursen til ”auka personaltettleik”, melder tillitsvalde om semje. Men eit monaleg antal tillitsvalde svarar ”veit ikkje” på dette spørsmålet. • 21% melder om at byrdefullressursen vert nytta til elevsamtalar. • 43% av dei som svarte melde om at elevsamtalar ikkje vert rekna som undervisning. Kva av dette må vi ta tak i på skulenivå? Kva skal vi meine? Korleis skal tillitsvald jobbe med saka? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  28. Kva meiner vi om fordelinga av ressursen? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  29. Ufaglærte 1 • Forskrift til Opplæringslova § 14-1, Krav til pedagogisk kompetanse: Alle som skal tilsetjast i undervisningsstilling, må ha pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane med forskrifter, jf. lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-2 andre ledd, eller ha tilsvarande pedagogisk kompetanse. • I forskrifta § 14-2 er krava for tilsetting i grunnskulen spesifisert. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  30. Ufaglærte 2 • Med bakgrunn i undersøkinga, er det grunn til å tro at det er nær 200 ”ufaglærte”, som til ei kvar tid er tilsett for å gjere lærararbeid i Hordaland. Blant dei er det også undervisarar med mindre stillingsbrøkar. • Halvparten av dei ”ufaglærte” har høgare utdanning. Altså manglar ein av to ikkje berre lærarutdanning, men og anna høgare utdanning. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  31. Ufaglærte 3 • 27% av skulane svarte ”ja” eller ”delvis” på spørsmål om dei nyttar vikarbyrå. Det store fleirtalet av skulane i Hordaland nytta hausten 2010 altså ikkje vikarbyrå. • Fleirtalet av dei som nyttar vikarbyrå ligg i kommunar som er omfatta av Bergen kommune si avtale om levering av vikartenester. • Samstundes ser vi at 33 skular i dei same kommunane svarte nei på spørsmålet om dei nyttar vikarbyrå. • For få år sidan vart vikarbyrå ikkje nytta i skuleverket. Dette er nå endra. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  32. Ufaglærte 4 • Tillitsvalde ved nær ein tredel av skulane, melder at det er svært vanleg eller hender ofte at det ikkje vert sett inn vikar ved lærar sitt fråvær. • Tillitsvalde ved 60% av skulane melder at det er svært vanleg eller hender ofte at det vert sett inn ”ufaglært” vikar ved lærar sitt fråvær. • Desse resultata er urovekkjande. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  33. Ufaglærte 5 • Over ein firedel av tillitsvalde melder at det er svært vanleg eller hender ofte at elevgrupper vert slått saman ved lærar sitt fråvær. • Over 40% melder at det er svært vanleg eller hender ofte at assistent tar over undervisninga ved lærar sitt fråvær. • Nokre av respondentane peikar på at assistenten kan kjenne opplegg og elevar betre enn annan vikar som er aktuell. Men trass i dette må vi minne om kompetansekrava i opplæringslova. • At nærare halvparten av skulane, i slikt omfang ,nyttar assistent som vikar for lærar, er ikkje akseptabelt. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  34. Ufaglærte 6 • Tillitsvalde ved 93 av 144 skular melder at det er svært vanleg eller hender ofte, at elevar mister spesialundervisning (må gå inn i klassen) ved lærar sitt fråvær. • Spesialundervisning vert tildelt einskildelevar gjennom einskildvedtak i tråd med rettar i opplæringslova. Vi meiner denne situasjonen er uhaldbar og at det for fleire av elevane som råkast truleg er grunnlag for formell klage. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  35. Ufaglærte 7 • Tillitsvalde ved 120 skular melder at ein av grunnane til at det vert nytta ”ufaglærte” til undervisning er at det er vanskeleg å skaffe personar med lærarutdanning . Det tyder på at lærarmangel er den dominerande årsaka til bruk en av ufaglærte. • Økonomi er ikkje lovleg grunngjeving til å unnlate å rekruttere lærarutdanna personale til undervisningsarbeid. • Kvar sjuande skule rapporterar dette som ein grunn. • Det er eit høgt tal og syner til ein alvorleg situasjon for desse skulane. Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

  36. Ufaglærte - diskusjon • Kva er viktig for Utdanningsforbundet og dei tillitsvalde å ta tak i når det gjeld:bruk av personale utan lærarutdanning til undervisning? Regional skolering Utdanningsforbundet Hordaland grunnskole vår 2011

More Related