1 / 19

USA i mellomkrigstida

USA i mellomkrigstida. USA i mellomkrigstida. Den 4. mars 1929 blei Herbert Hoover teken i eid som ny president i USA.

yehudah
Télécharger la présentation

USA i mellomkrigstida

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. USA i mellomkrigstida

  2. USA i mellomkrigstida • Den 4. mars 1929 blei Herbert Hoover teken i eid som ny president i USA. «I dag er vi i Amerika nærmare ein endeleg siger over fattigdomen enn noko land har vore i historia. Med Guds hjelp vil vi snart sjå den dagen då fattigdomen for godt er forvist frå denne nasjonen. Eg har inga frykt for framtida til landet vårt. Ho lyser mot oss, full av lyse forhåpningar.”

  3. USA i mellomkrigstida • Den fyrste verdskrigen hadde snudd opp ned på den økonomiske situasjonen i verda. • USA var blitt den nye økonomiske stormakta. • Amerikanarane hadde selt store mengder produkt til Europa. USA hadde store pengesummar til gode i Europa.

  4. USA i mellomkrigstida • Gjennom heile 1920-talet regjerte det republikanske partiet USA. • Republikanarane ønskte lave skattar og fritt spelerom for bedriftene. • Ein trudde at marknaden var best eigna til å skape økonomisk vekst. Tre republikanske presidentar: Warren Harding, Calvin Coolidge og Herbert Hoover.

  5. USA i mellomkrigstida • Amerikansk industri nytta seg av moderne produksjonsformer. • Fabrikkane masseproduserte varer ved bruk av samleband. • Dette gjorde at varene blei billigare og at eigarane tente gode pengar. Bilindustrien var mest lønnsam i landet. Frå 1919 til 1926 steig talet bilar i USA frå 6 til 26 millionar.

  6. USA i mellomkrigstida • Også andre forbruksvarer blei masseproduserte. • Kjøleskap, støvsugarar, vaskemaskinar og radioar rulla på fabrikkane sine samleband. • Varene blei stadig billigare. • Folk flest fekk moglegheit til å skaffe seg varer som tidlegare var uoppnåelege. Radio som byggjesett. Ein gut får opplæring i korleis ein byggjer sin eigen radio.

  7. USA i mellomkrigstida • Bilen forandra USA. • Stadig fleire menneske arbeidde innanfor bilindustrien. • Det aukande bilsalet førde til at folk kunne flytte seg raskare. • Mange busette seg derfor i forstadene til byane. Det blei bygd nye vegar, bygningar, butikkar, skular og bensinstasjonar. Den aukande produksjonen skapte fleire arbeidsplassar.

  8. USA i mellomkrigstida • Også infrastrukturen i USA blei modernisert. • Stadig fleire hushald fekk innlagt elektrisitet. • Dette førde til at folk ønskte å kjøpe fleire elektriske artiklar. • Fleire familiar fekk også innlagt vatn og kloakk.

  9. USA i mellomkrigstida • 1920-åra blir rekna som ein gullalder for radioen. • Folk samla seg rundt radioapparata for å høyre på favorittprogramma sine. På 1920-talet hadde radioen ei like sterk stilling som TV eller internett har i dag.

  10. USA i mellomkrigstida • På 1920-talet fekk jazzen eit gjennombrot. • Jazzen kom frå det afroamerikanske USA. • No blei denne musikken også populær blant den kvite delen av befolkninga. Ikkje alle likte den nye musikken. Somme hevda at jazzen var primitiv og usivilisert, og at han forderva moralen til menneska.

  11. USA i mellomkrigstida • Å gå på kino var ein populær aktivitet som dei fleste kunne unne seg. • I fyrste halvdel av 1920-åra var filmane utan lyd. • Etter kvart kom det filmar med tale og farge. Charlie Chaplin var blant dei aller største stjernene.

  12. USA i mellomkrigstida • Motebiletet endra seg i 1920-åra. • Kvinner klipte håret kort, mange brukte også leppestift. • Kjolane blei knekorte, samtidig som nakne armar blei vanleg. Den eldre generasjonen såg på denne lettsindige ansvarsløysa som eit prov på at endetida var nær.

  13. USA i mellomkrigstida • USA på 1920-talet blei kjenneteikna av alkoholforbod. • Tanken var at mindre alkohol blant folk ville føre til mindre vald og kriminalitet. • Gangsterar tente gode pengar når dei kunne selje smugla alkohol. Politimenn beslaglegg alkohol og produksjonsutstyr under forbodstida. Gangsterane fekk mykje makt. Dei kravde pengar frå restauranteigarar og forretningsfolk. Samtidig bestakk dei politikarar og politimenn.

  14. USA i mellomkrigstida • Ingen amerikanar var meir populær enn Charles Lindbergh i 1927. • Som den fyrste i verda flaug Lindbergh heilt aleine frå New York til Paris utan stopp. • Flyet var enkelt og utan navigasjonsutstyr. • Undervegs flaug Lindbergh gjennom tåke, storm og i mørke. Etter 33,5 timar på vengene, landa Lindbergh i Paris. 150 000 menneske tok imot folkehelten.

  15. USA i mellomkrigstida • Om USA i 1920-åra var prega av framgang, gjekk det tyngre for bøndene. • Mekaniseringa av jordbruket gjorde at det blei produsert meir enn før. Overproduksjonen førde til lågare prisar på jordbruksvarer.

  16. USA i mellomkrigstida • Dei lyse framtidsutsiktene gjorde at mange begynte å spekulere i aksjar. • Å kjøpe aksjar for så å selje dei når kursen hadde stige etter kort tid, verka som ei enkel økonomisk oppskrift. Det var ikkje uvanleg at aksjar steig med hundre prosent i løpet av eitt år.

  17. USA i mellomkrigstida • Den 24. oktober 1929 braut det ut panikk på børsen i Wall Street. • Aksjekursane sokk drastisk i pris, men ingen ville kjøpe dei. • Bedrifter gjekk konkurs, folk miste sparepengane si og arbeidsløysa steig. Den djupe økonomiske krisa skulle snart forplante seg til resten av verda.

  18. USA i mellomkrigstida • Kvifor ramma krisa USA i 1929? Marknaden var ut av balanse. Tilbodet av varer var større enn etterspurnaden. Dette førde til prisfall. Få land hadde råd til å kjøpe amerikanske varer. Dårleg økonomi blant bøndene forplanta seg til andre område i samfunnet. Aksjekursane hadde stige til eit kunstig høgt nivå og representerte ikkje den eigentlege verdien til bedriftene.

  19. USA i mellomkrigstida

More Related