140 likes | 277 Vues
Satsingsområde i prosjektet. Arbeidsformer Rettleiing/oppfølging * Organisering IKT og Classfronter * Kompetanseheving Praksis *. ”Datastøtta samarbeidslæring i praksisfeltet”. Norskmiljøet sitt hovudbidrag i pluto-prosjektet har etter kvart blitt samarbeidet med Globalskolen.
E N D
Satsingsområde i prosjektet • Arbeidsformer • Rettleiing/oppfølging * • Organisering • IKT og Classfronter * • Kompetanseheving • Praksis *
”Datastøtta samarbeidslæring i praksisfeltet” • Norskmiljøet sitt hovudbidrag i pluto-prosjektet har etter kvart blitt samarbeidet med Globalskolen. • Innlegget mitt tek i hovudsak utgangspunkt i samarbeidet med Globalskolen, og er disponert etter desse hovudpunkta: • Ei kort og deskriptiv skildring av samarbeidet • Nokre få vurderingar av samarbeidet som ein norskfagleg praksis • Eit litt meir analytisk perspektiv knytt til to tekstprosessar: skriveprosessane i Globalskolen og den nye praksisrapporteringa • Nokre oppsummerande tankar om potensialet til IKT og læringsplattformer i praksisfeltet Def. ”Datastøtta samarbeidslæring”, ”læringsplattform”
1) Samarbeidet med Globalskolen • Kva er Globalskolen? • Samarbeidet har bestått av at 6 basisgrupper (24 studentar) har avvikla fleksibel praksis i Globalskolen (tilsvarande èi veke vanleg praksis) i ei 10. klasse. • Prosessane (som gjekk over ca 3 veker): • Gruppa lagde nettsider om ein sjanger (med ressursar og oppgåver) – på begge målformer • Deretter rettleidde kvar student to elevar i ein skriveprosess • Tilbakemelding på idekart • Tilbakemelding på fyrsteutkast (fokus på makronivå) • Tilbakemelding på andreutkast (fokus på mikronivå) • ”Karaktermøte” der vi drøfta dei ferdige tekstane. Studentane sette karakterar og skreiv tilbakemelding. • Døme på ressurssider • Døme på skriveprosess
Året vart avslutta ved at elevane i Globalskolen skulle opp til eksamen. • Globalskolen og Høgskulen i Volda fekk innvilga søknad om alternativ gjennomføring av norskeksamen. • Høgskulen i Volda hadde ansvaret for å lage desse eksamenane og få desse godkjende av Læringssenteret: Ei gruppe av frivillege studentar og norskmiljøet. • ”Temaheftet på nett” er her. • Oppgåvene er her. • Det andre oppgåvesettet (fagdagen) er her.
Studentane meiner at …det er ei utfordring å tilpasse stoffet til målgruppa, og å oppnå presisjon, slik at misforståingar blir unngått (gjeld òg rettleiinga) Et fleirtal av studentane har blitt meir positive til POS, og alle meiner det er ein fordel å bruke IKT til POS. Alle ser fleire moglegheiter ved elektronisk rettleiing enn dei gjorde før praksisen, og alle lærte meir om elevtekstarbeid. Alle melder at praksisen har vore betre enn anna norskfagleg praksis. Lærarane meiner at …med fokus på sjangerskriving og POS passa Globalskolen inn i vår faglege profil. Globalskolen har ein unik spisskompetanse på nettbasert undervisning og rettleiing som vi har trekt vekslar på. Vi har møtt studentane på ein ”ny” måte: -som faglege rettleiarar mot basisgruppa -studentane har vore motiverte og ansvarsmedvitne Naturleg utgangspunkt for didaktisk arbeid. 2) Nokre moment til vurdering av arbeidet
3) Eit analytisk perspektiv knytt til to skriveprosessar • I eit forsøk på å skildre korleis synet på IKT har endra seg saman med syn på kunnskap og læring har Timothy Koschman skildra fire paradigme • Den fyrste bruken av datamaskin i undervisningssamanheng bygde på eit behavioristisk læringssyn der datamaskinen var brukt til ei systematisk opplæring knytt til førehandsdefinert kunnskap. • Det siste paradigmet har eit meir sosiokulturelt og kommunikativt syn på læring: Kunnskap er eit resultat av kommunikasjon og samarbeid. Koschman kallar dette siste paradimet for Computer supported collaborative learning (CSCL), altså det vi på norsk kan kalle ”datastøtta samarbeidslæring”
Ein annan teoretikar som har blitt brukt til å forstå læringspotensialet ved IKT, er Mikhail Bakhtin. • Bakhtin var ein russisk litteraturteoretikar som utvikla teoriar om litteratur og filosofi. • Han framheva det dialogiske (framfor det monologiske) som utgangspunkt for all meiningsproduksjon: meining og kunnskap blir til gjennom dialog. Denne dialogen inngår i tekstane og gjer dei polyfone, det vil seie fleirstemmige. • Koschman si skildring av datastøtta samarbeidslæring og renessansen av Bakhtins dialogbaserte menneskesyn for å forstå IKT, kan ein kanskje sjå i samanheng: • IKT vert ikkje brukt til lagring og systematisering av informasjon, men til kommunikasjon, dialog og prosessorientert arbeid. • ItiKt • Ut frå dialogperspektivet på læring vil eg sjå på to skrivesituasjonar.
Eksempel 1: Skriveprosess i Globalskolen • Tradisjonelt har skriving i grunnskulen foregått på denne måten: Ein elev har skrive ein kladd, så ein disposisjon, så ei innføring. Deretter har han fått ei vurdering, og feila har blitt markert. Dette er enkel og lineær ”kommunikasjon” • Ein skriveprosess i Globalskulen er lang meir avansert kommunikativt sett:
Elev: Tankekart og vurdering Respons frå medelev og rettleiar Elev: 1.utkast og vurdering Respons frå medelev og rettleiar (innhald) Elev: 2.utkast og vurdering Respons frå medelev og rettleiar (språk) Elev: sisteutkast Karakter og sluttvurdering frå rettleiar Elev
I modellen skreiv eg ”rettleiar” i eintal (studenten) • Det er ei forenkling. I praksis var fagleg rettleiar involvert, basisgrupperettleiar og medlemene på basisgruppa. • I kvar enkelt skriveprosess var desse involvert • Eleven sjølv • Medelev i skriveparet • Student som rettleidde • Fagleg rettleiar og basisgrupperettleiar • Tre medstudentar på basisgruppa • Totalt 8 personar med ulike perspektiv • Med utgangspunkt i Koschman sine omgrep vil eg kalle dette ”datastøtta samarbeidslæring”. Kunnskap blir skapt i ein sosial prosess der ulike perspektiv blir kommunisert. • Med utgangspunkt i Bakhtin vil eg seie at tekstane har oppstått i ein dialog, og at dei har føresetnad for å vere polyfone, det vil seie fylt av fleire perspektiv/stemmer.
Eksempel 2: Praksisrapportering • Tradisjonelt har studentane rapportert frå dei 6 praksisvekene ved å skrive ei større, gruppebasert ”pedoppgåve” med vekt på formelle krav. Narrasjonen har vore etterstilt. • I år har studentane på første og andre årssteg laga ei individuell portefølje av tekstar knytt til kvar einskild praksisbolk. Tekstane har blitt kalla ”refleksjonsnotat”. • Kommunikasjonen rundt tekstmappa kan sjå slik ut:
Refleksjonsnotat 1 frå student Respons frå basisgruppe- rettleiar og øvingslærar Kommentar frå studenten Refleksjonsnotat 2 frå student Respons frå medstudent Kommentar frå studenten Refleksjonsnotat 3 frå student Respons frå basisgruppe- rettleiar og øvingslærar Kommentar frå studenten Refleksjonsnotat 4 frå student Respons frå medstudent Kommentar frå studenten Oppsummerande samtale mellom student, medstudentar, basisgrupperettleiar, og øvingslærar. Innlevering av mappe med sluttreflekson
Når det gjeld praksisrapporteringa har ein altså flytta fokus frå produkt til prosess • Dei ulike mappeelementa inngår i ein systematisk prosess der ein prøver å tilrettelegge for ein meiningsberande kommunikasjon. • Med utgangspunkt i dei teoretiske referansane mine meiner eg dette kan kallast ”datastøtta samarbeidslæring” med vekt på dialog (kommunikasjon) og polyfoni, i den forstand at ein legg til rette for å fremme ulike perspektiv. • Ein anna konklusjon er at skiljet mellom Høgskulen og øvingsskulen ”forvitrar”. Læringsplattformene skaper nye rom for kommunikasjon der grensene ikkje eksisterer. • Læringsplattformene medierer kommunikasjon som elles ikkje ville eksistert. Denne kommunikasjonen ville vore umogleg til dømes i brevform.
4) Nokre oppsummerande tankar • Praksisskulane og Høgskulen vil i løpet av året ha fått felles læringsplattform og opplæring i bruken av den. • Dette har eit potensiale med omsyn til: • Transparens og koordinering • Fleksibilitet med omsyn til tid og rom. Fokus på praksisen sitt innhald. • Praksis kan førebuast (via læringsplattform) og vere eit grunnlag for didaktisk etterarbeid (p.g.a. dokumentasjon) • Didaktisk arbeid kan knytast til reell praksis • Øvingsskular kan knytast nærare til kvarandre og til Høgskulen.