1 / 45

Motorisk utvikling og læring

Motorisk utvikling og læring. Forelesing Bærum Kommune Høgskulen i Sogn og Fjordane - Jan M Loftesnes Motorisk utvikling frå spedbarn til barn. Ei teoretisk innføring av eit utval av sekvensar i barns motoriske utvikling . Kva er motorikk?. Læring Kontroll Utvikling Problem.

ave
Télécharger la présentation

Motorisk utvikling og læring

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Motorisk utvikling og læring • Forelesing Bærum Kommune • Høgskulen i Sogn og Fjordane - Jan M Loftesnes • Motorisk utvikling frå spedbarn til barn. Ei teoretisk innføring av eit utval av sekvensar i barns motoriske utvikling

  2. Kva er motorikk? • Læring • Kontroll • Utvikling • Problem

  3. Epigenese og fylogenese • Ein måte å dele teoriar inn i båsar på er å skilje mellom: • epigenetiske (stegvis utvikling/einvegs struktur) og • fylogenetiske ( artsspesifikk utvikling /generiske) teoriar.

  4. Epigenetiske teoriar Predeterministisk epigenese (forutbestemt) modingsteori Probabilistisk epigenese

  5. Epigenetiske teoriar • Predeterministisk epigenese (forutbestemt) modingsteori • milepelar • sansemotorikk • stegvis utvikling

  6. Probabilistisk epigenese • Connolly, 1986 og Gotlieb, 1997) • Utvikling gjennomsamspel mellom arv og miljø. Ikkje forskjell på utvikling og læring. • Dynamisk system teori (Thelen, 1994). Mykje vekt på miljø.

  7. Teoriar om motorisk utvikling • Det er mange teoriar om motorisk utvikling: • korleis endring skjer (det beskrivande perspektiv) • korleis endre (Behavioristisk teori, Skinner) • kvifor det skjer (kognitiv teori) • kva som skapar endring (dynamisk teori).

  8. Livslang motorisk utvikling • Vore mykje fokusert på barn men no er det og mykje forsking på eldre ungdommar. Vekst og utvikling: Vekster kvantitativ auke i størrelse, fysisk vekst og proporsjonar • Utvikling er ein kontinuerlig prosess som ledar til funksjonell kapasitet både kvantitativt og kvalitativt og er livslang. • Motorisk utvikling er rørsleutvikling også motorisk atferd er brukt. Ein skil mellom motorisk utvikling og motorisk læring. • Modning (maturation), fysisk modning er kvalitative endringar i celler, organ, eller dei ulike systema i kroppen.

  9. Livslang motorisk utvikling • Aldringer fysiske endringar som skjer heile livet gjennom. • Aldersperiodar er ofte ulike frå kva emne som vert presentert, spedbarn, småbarn, barn, eldre barn, ungdom o.s.v. • Stadium er ulike fasar i eit individ si utvikling.

  10. Grov og fin motorikk • Styring av proksimale rørsler (grovare rørsler av ekstremitetane) av kortiko-retikulospinale baner • Styring av distale rørsler (finare rørsler som pinsettgrep) frå pyramidebanen. • Brodal (1995), meiner at pyramidebanen er av størst betyding for dei meir bevisste rørslene, dei fine, mens dei andre banene (Kortiko-retkulospinale baner) frå hjernen til musklane er viktige for meir automatiske rørsler, så som refleksar, støtte og grovare rørsler.

  11. Inndeling av rørsler Diskret (avgrensa) rørsler Sykliske (gjentekne) rørsler Opne og lukka idrettar og rørsler

  12. Tidleg motorisk utviklingKognitiv forståing • Tilfeldige og refleksiv rørsler hjå spedbarn • Dei tilfeldige og refleksiv rørslene hjå spedbarn er heilt avgjerande for barnets vidare utvikling av bevisste rørsler som kjem seinare. Når eit spedbarn er vaken vil det gjere ulike rørsler med hovudet, armane og føtene. Rørslene er spontane og har ikkje noko direkte mål, rørslene kan virke som om dei er uorganiserte, men dei er koordinerte.

  13. Spedbarns refleksar • I motsetnad til tilfeldige rørsler er ikkje refleksar viljestyrte. Ein kan kategorisere refleksar i tre hovudpunkt: • 1. Primitive refleksar • 2. Posturale reaksjonar • 3. Rørslerefleksar

  14. Primitive refleksar • Desse er spontane, ikkje viljestyrte rørsler som eit spedbarn har i ein gitt periode av sitt liv (Peiper 1963). Ein teori går ut på at fosteret har desse refleksane og at dei er naudsynte i høve til livet under svangerskapet mellom anna for at barnet skal kunne kome seg i posisjon for fødselen (Milani-Comparetti 1981). Det er viktig at spedbarna har desse refleksane også fordi dei er eit viktig grunnlag for å kunne greie seg etter fødselen, Mororefleks for å få i gang pustinga og sugerefleksen for å kunne ta til seg føde (Haywood 1993).

  15. Refleksar • Asymmetrisk halstonisk refleks: Snur hovudet til ei side /Samme sides arm og bein strekkjest • Symmetrisk tonisk halsrefleks: Strekt nakke-strekte armar / Bøygd nakke-bøygde armar • Dukke-auge: Bøygd hovud - auger ser opp / Strekt hovud – auger ser ned • Gripe: Handflata vert rørt og fingrane lukkar seg

  16. Refleksar • Moro: (flyge) Armar og bein kjem ut når barnet ein held barnet rundt magen opp i lufta • Suge: Stimulering av lepper og barnet lagar sugerørsler • Babinski: Stimulering av fremste ytterside av barnets fot og stortåa løfter seg • Søke/rotere: Stimulere kjaken og hovudet vert snudd mot stimuleringa • Press mot begge handflater: – munnen opnar seg, augene vert lukka og hovudet vert bøygd

  17. Posturale reaksjonar • Dette er rørsler som er med å stabilisere og halde spedbarnet i likevekt om det vert påverka av skiftande omgivnad. Hovudet vert stabilisert etter at barnet er ustøtt og om det ramlar over på eine sida vil barnet kome seg på magen att for å kunne vere i balanse. Den er også kalla gravitasjonsrefleks (gravity reflex) (Haywood 1993). • Posturale reaksjonar er rørslene som fører til at eit barn: • Retningsrefleks: Barnet vert ”rista” og hovudet vert stabilisert • Snur seg frå rygg til mage: Når ein fot vert lagt til sida, føl kroppen og hovudet denne rotasjonen. Hovudet vert vridd til sida og kroppen føl etter i rotasjonen • Sitterefleks: Dytte barnet bak eller fram og armane bøyer seg • Fallskjermrefleks: Fører barnet fort mot golvet og hendene kjem ut og føtene strekkjer seg

  18. Rørslerefleksar • Desse rørslene har truleg samanheng med dei viljestyrte rørslene som dei også er kalla opp etter, sjølv om rørslerefleksane kjem lenge før dei viljestyrte rørslene. • Her finn ein rørsler som åle, krabbe, gå og symje. Desse refleksane oppstår ofte tidleg hjå spedbarnet, men er i motsetnad til andre refleksar til stade lenge, opp til 5 mnd. • Krabbe: Press mot fotsolane alternativt for ein og ein fot og ein får krabberørsle. Dette kan vere ei tidleg gangrørsle • Gange: Plasser barnet på flatt underlag, hald barnet rundt magen og sett barnet ned mot underlaget og gangmønster oppstår • Symje: Barnet vert plassert i eller over vatn og symjerørsler startar (hundesymjing) • (Haywood 1993)

  19. Barn si grovmotoriske utvikling Hoppe lengde, høgde, hoppe tau, sykle, symje, ballspel osb. ------------------------------- frå 6 - 7 år Stå på eitt bein 10 sek Hinke ------------ Reise seg frå rygg, Spenst hopp------------ 5 - 6 år vaksen måte---------------- 4-5 år ------------------- 4 - 5 år 4,5 år Gange m/fri Løp (rett) Gange påarmsving--------- Gang m/godbrei strek -------------3-4 år fotavvikl-------------- 4-5 år Kravle------------- ---------2 - 2,5 år ca: 10 mnd Refleks-Refleks-Hovud- Sove-Krype kontrollutviklingkontrollstilling Rulle------- -------------------------------------9mnd. -Suge 0-3 mnd-Landau 3-6 mnd. -Bøyge-Amfibie -Asym/ton- -Sym/ton- -Gripe-Fallref. halsrefl. halsrefl. -Babinsky Tabell 3.1 Barns motoriske utvikling (Etter Holle, Britta 1983:62 etter Bayley, 1935)

  20. Når kjem og forsvinn refleksar ? • Dei ulike refleksane kjem og forsvinn i høve til utvikling av rørslene barnet tileignar seg. • For at eit barn skal kunne meistre rørsler vil dei vere avhengige av å kunne meistre del-rørsler. • Kva som er årsaka til at dei ulike refleksane/delrørslene oppstår er det usemje om.

  21. Syn på refleksar si rolle • Det er ulike syn på kvifor spedbarn har refleksar. Enkelte hevdar at refleksane berre er eit spegelbilete av nervesystemet. Det vil seie at det er nervesystemet sit utviklingsnivå som vert spegla gjennom spedbarn sine rørslemønster.

  22. Syn på refleksar si rolle • Refleksane er vegen til koordinerte rørsler på eit tidspunkt då høgare hjernestruktur ikkje er ferdig utvikla. Samtidig er det viktig at fleire av refleksane kjem under kontroll, dette fordi barnet treng desse refleksane på eit seinare stadium. Dette er eit utviklingsperspektiv.

  23. Syn på refleksar si rolle • Refleksane er til stades fordi hjernen er ferdig utvikla og refleksane er ein forløpar og påverkar utviklinga av hjernen sine evne til å styre barns motorikk.

  24. Forsøk indikerer at eit sjølvstyrt system er meir enn nervesystemet må vere involvert i spedbarns motoriske utvikling (Thelen, 1986; Zelaso et al, 1974). Når ein har funne at sparkemønsteret til spedbarnet og gangen til vaksne er identiske, kan det tyde på at rørslemønsteret kan ligge på eit lågare stadium enn i hjernebarken, kanskje heilt ned på ryggmargsnivå. Dette er kalla rørslemønster generator • Ester Thelen er ein av Amerikas fremste forskarar på baby -motorikk. I eitt av hennar forsøk analyserte ho spedbarns posisjon og timing av spark når barna låg på ryggen. Thelen m.fl. målte og muskelaktiviteten i leggmuskelen hjå desse barna. • Thelen fann at sparka var inndelt fire fasar: • 1. Ein samantrekkningsfase • 2. Ein pause • 3. Ein framover utstrekkingsfase • 4. Eit mellomspark intervall

  25. Barn si grovmotoriske utvikling • Tabellen syner eit barns skjematiske motoriske utvikling forstått som eit trappetrinnsystem, dette vert kalla den sekvensielle utviklinga. • Det viktig å merke seg at kvart trappetrinn, kvar sekvens også utviklar seg sekvensielt. • Det føregår ei gradvis utvikling innanfor desse sekvensane. • Enkelte barn er lenge på eit stadium, mens andre barn ikkje er lenge på eit stadium. • I ein del av den litteraturen som er utgitt tidlegare enn 1990 er omgrepet aldersbestemt rørsleutvikling brukt. • Eit eksempel kan vere A.B. Nilsen m.fl. som viser korleis dei ulike stadia i høve til rørsle heng saman med barns alder. Dette er det no i stadig sterkare grad vanleg å sjå bort frå.

  26. Tidleg motorisk utvikling • Progresjon i motorisk utvikling/læring kan bli vurdert ut frå fleire måtar: • Tileigning av nye dugleikar • Utvikling i rørsleprosess • Forbetringar i rørsle produkt • Tileigning av samansette dugleikar • Auka tilpassing til omgivnadene • Motoriske milepelar

  27. Barna utviklar • hovudkontroll, rulle, sitte, stå og gå. Sjølv om barn tileignar seg desse dugleikane i ulikt tempo, er det rimeleg brei semje om at barn føl mykje lik sekvens i motorisk utvikling. • Utviklinga av desse milepela er avhengig av fleire faktorar: • modning av sentralnervesystemet • utvikling av muskelstyrke og uthald • utvikling av likevekt og balanse og • forbetringar i sensorisk behandling

  28. Basisrørsler • Kjært barn har mange namn, heiter det. Dette gjeld også i høgste grad for omgrepet basisrørsler. Rørslemilepelar (Haywood 93), Grunnleggande bevegelser (Nielsen H.C 1989:27), naturlige bevegelser (Gundersen K. Aa. 1993:27) og basale modningsbestemte bevegelser er nokre av dei nemningane som dette omgrepet har.

  29. Basisrørsler • Desse enkle rørslene er eit produkt av dei ulike koordinative eigenskapane som verkar i eit samspel. Dei ulike basisrørslene utviklar seg i høve til eit barns modningsbestemte utvikling. Frå barnet er på golvet og ålar, til det røyser seg og seinare kan springe, hoppe, balansere, kaste og ta imot liten ball, har barnet tileigna seg dei fleste basisrørslene.

  30. Gang, springe, hopping, hinking, galopp, sliding og skipping • Gange • Gange kan verke enkelt, for enkelt til å forske på i høve til kompleks idrett. Dei fleste barn ved 5 års alderen har utvikla ferdig gange. Likevel har gange dei viktigaste karakteristika som gjeld for andre rørsler. Barn starta i dei fleste tilfeller mellom 9 - 17 mnd.

  31. Tidleg gange • Korte steg med begrensa bein og hofte utstrekking. Stega er flat-fota og knea er bøygde, med vertikal fot løft. Tærne er utover peikande og beina er spreidde. • Lite rotasjon i overkroppen, armane i ”høg gard posisjon” og bøygde og svingar ikkje. Høg gard posisjon gir barnet betre balanse og kan hjelpe barnet til å beskytte seg om det fell. • Etterkvart som barnet vert stødigare senker armane seg (middel gard posisjon), til at armane er nede ved sida og er utstrekte. Seinare kjem armsvingen med, først litt usikkert, av og til synkront til barnet meistrar ein diagonal gange.

  32. Erfaren gange • Lengda på stega har auka, auka bein utstrekning. • Hel-fot gange • Redusert ut-tåing • Minka ”Base of support” • Dobbel kne-lås mønster : Double knee-lock pattern • Hofte-hola må rotere, minka framover luting/bøying • Diagonal armsving

  33. Erfaren gange • Action og reaction, ein ekstremitet tek kraft frå ein annan kroppsdel. • Utviklingsmessige endringar i gange • Ved alder 2 år vil dei fleste kjenneteina ved gange vere på plass. Pelvic rotation foregår ca frå 14 mnd. bøying i kneleddet ca. 16 mnd, hel-tå gange og diagonal armsving frå ca: 18 - 19 mnd. • Frå bana er 1 til 2 ½ år vil tida barnet berre brukar ein fot som balanse auke radikalt. I ungdomstida vil steglengda auke i takt ved vekst og moding

  34. Åle og krabbe • I forkant av at barnet skal klare å krabbe er det vanleg at barnet gjennomgår ei stegvis utvikling. Også ei basisrørsle utviklar seg i sekvensar. • 1. Ålar med mage og bryst på golvet • 2. Låg krabbing med magen over golvet, men beina arbeider symmetrisk • 3. Voggar seg bak og framover i høg krabbe stilling • 4. Diagonal krabbing

  35. Strekke og gripe • Det å kunne strekke ut armen og gripe noko er det som gjer oss m.a. til ein primat. Dette er avgjerande for at vi skal kunne gjere dei fleste finkoordinerte rørslene som vi er så avhengige av, ikkje berre i leik og idrett, men og i arbeidslivet. • Halveson i 1931, viste gjennom 10 fasar korleis utviklinga av grep føregår. Frå ingen kontakt, litt kontakt via tak med heile handa til pinsettgrep. Handrørsler er tidleg utvikla hjå normale barn.

  36. Springing –løp • Løp er ei syklisk rørsle, det tyder at omtrent den same rørsla skjer om og om att. • Mykje av gangen sine kritiske faktorar er også til stades i springing. • Når ein spring vil barnet i ein liten augneblink “flyge”, verken venstre eller høgre fot er i marka. • Denne ”flygefasen” får barnet ca. eit halvt år etter at det har lært seg å gå.

  37. løp • I utviklinga mot eit ferdig utvikla løpesett vert barnet ofte sett litt tilbake i ferdigheit, dvs at barnet har ein regresjon i høve til gangteknikk. • Nivå som barnet meistra tidlegare i gange viser seg no i løp t.d. flat fot landing. • Etterkvart får barnet mindre og mindre rotasjon i overkropp, armar og bein. • Kneet vert strekt og steglengda vert lengre. • Løp og løpsteknikk vil endre seg i takt med barn si utvikling, i det barnet vert lengre vil det også få lengre steg, med tida vil barnet bli sterkare, få betre balanse og dermed klare ein lengre flygefase.

  38. Springing –løp • Den tidlege løpar • Den tidlege løparen klarer ikkje å strekke føtene i løpesettet sitt. • Dette fører til at barnet har eit kort steg. • Foten blir ført fram med ein utoverretta sving før beint vert sett ned. • Armane roterer rundt kroppen meir enn å pendle ved sidan av. • Ein nybegynnar har ein tendens til å rotere overkroppen frå side til side når han spring. • Olbogane vert førte opp og det vert strekk i armane når barnet svingar armane bakover.

  39. løp • Den vidarekomne løpar • Steg lengda aukar, i det barnet kan bruke meir kraft. • Bakerste fot er fullt utstrekt ved avgang, og hælen er nær baken i toppen av løftet av den andre foten. • Løparen hindrar svinging til sida med beina, slik at føtene går reint fram - bak. • Fotisettet er hel tå, med ingen ut-tåing. Svingfoten må bøyast i det kroppsvekta er over løpsfoten. • Ein roterer overkroppen slik at ein får full effekt av armsvingen, overkroppen er bøygd litt framover.

  40. Hopping • Forventa dugleikar i hopping kan sjåast i eit utviklingsperspektiv. • Den fysiologiske utviklinga til barnet avgjer kva type hopp barnet kan gjere, lengda eller høgda på hoppet. • Barn startar med å hoppe ned frå noko, eit trappetrinn t.d. seinare blir ned hoppa høgre og høgre. • Barn kan ein observere i å hoppe berre rett opp på flate marka allereie i 2 ½ års alderen. • Barn har lettare for å hoppe med begge beina enn med ein fot. • Eit hopp med samla bein startar med at barnet berre brukar føtene, først seinare kjem armane med. • Når eit barn har lært seg å hoppe med samla bein vil arm rørsla vere avgjerande for kraft og lengde på hoppet.

  41. Kast og mottak • Ball eller objekt som kan kastast er barn svært glade i. Vi bør prøve å motivere barn til å bruke overarms kast når dei skal lære å kaste. Dette er fordi dei då får stimulert deira sentralrørsle og auge-hand koordinasjon i sterkare grad. • Kast • Sentralrørsla • svepa gir stor kraft • skapar stem. Eit nybegynnarkast skjer utan fart, ofte i stilling som er passgang. Høgre fot framfor venstre når ein kastar med høgre hand. Armføringa startar, med handa like over skuldra i høgde med øyret. Armen går rett fram. Sidan klarar barnet å føre armen lengre bak og strekker armen betre ut. På dette tidspunktet i utviklinga klarer barnet å splitte beina og etterkvart vil venstre fot komme framfor høgre. Barnet vil no vere i stand til å kaste i fart. Når barnet klarer å ta fart og stoppe med ein stem vil lengda på kastet auke radikalt.

  42. Mottak • Ein urøynd mottakar vil stå i ro og vente med begge hendene rett ut. • I det ballen kjem mot han vil han snu hovudet mot venstre (om han er høgrehendt) og gripe med heile armen om ballen. • Seinare vil barnet kunne gripe med hendene, med handflatene vendt opp. • Hendene vil klappe saman når ballen kjem, men det er ikkje alltid at ballen vert fanga. • Etter kvart vil barnet få betre kontroll og snu handflatene innover. • Handflatene vil seinare bli snudde mot ballen og ein strekkjer armane mot ballen og tek den inn til kroppen. • Ein senker tyngdepunktet for å stå stabilt i det ein tek i mot.

  43. Spark • Som med kasting skal ein få av stad ein gjenstand. I motsetnad til kast har ein ikkje nokon kontroll i form av eit grep, foten skal vere ein slag reiskap. • Det tidlege spark • Den tidlege sparkar brukar ei enkelt rørsle. Ballen vert berre tuppa til, ved at foten vert ført fram til og gjennom ballen. Kneet er bøygd, kroppen er utan rotasjon og armane er stasjonere ved sidan av kroppen. Etterkvart vil barnet bruke stamfot ved sidan av ballen, men framleis vil spark foten vere stiv og bøygd.

  44. Det vidarekomne spark • Sparket startar med at barnet spring fram til ballen, set stamfoten på høgde med ballen, om den ligg i ro. • Stamfoten vert sett lengre fram om ballen rullar i frå barnet, motsett om ballen rullar mot, slik at ved treffpunkt vil stamfoten vere på høgde med ballen. • Kroppen vert rotert bakover i det stamfoten vert sett ned og begge kne er bøygde i det spark fasen vert sett i gang (t.d. halvt vrist spark). • I spark fasen vert kroppen rotert fram over ved hjelp av armsving og spark foten vert strekt til full strekk i det foten gå gjennom sentrum av ballen med bevist bøying av okle leddet for maksimal kraft. • Rørsla i ankelen er også viktig i høve til presisjon.

  45. Andre grunnleggande rørsler • Sidearmsslag med racket • Utspark • Vekt-overføringsferdigheiter • Frå liggande til stående • Forlengs rulle

More Related