30 likes | 120 Vues
Global bøn. 6.Mai 2012. Arabarar i Saudi Arabia. Folketal: 11 709 000 I Saudi Arabia er all annan religionsutøving utanom islam strengt forbode. Språk: Najdi, ein dialekt av arabisk.
E N D
Global bøn 6.Mai 2012
Arabarar i Saudi Arabia Folketal: 11 709 000 I Saudi Arabia er all annan religionsutøving utanom islam strengt forbode. Språk: Najdi, ein dialekt av arabisk. Bibelen er ikkje å finna på najdi, ei heller Jesusfilmen. Men deler av Bibelen er å få i lydformat. Den bese måten å evangelisera dei på er vida kringkasting. Det er under 2% kristne i denne folkegruppa. (joshuaproject.net) Gode Far! Det står skrive at i Jesu namn skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal sanna til di ære at Jesus Kristus er Herre. Lat dette skje no mellom alle arabarar i Saudi Arabia. Bryt islams makt i liva deira og lat dei bli overvunnen av Jesu kjærleik og forsoning. Amen.
Heftig for kristne i Nigeria Den 29.april vart kristne som heldt gudsteneste ved Bayouniversitetet nord i Kano angripne av terroristar frå den islamistiske gruppa Boko Haram, som spreier redsle i heile Nigeria om dagen. Dei kasta eksplosiver inn i flokken og skaut folk som prøvde å flykta. Det same hende under ei gudsteneste på ein idrettsbane. Totalt vart 20 kristne drepne denne dagen. (persecution.net) Gode Jesus! Hald di sterke og vernande hand over alle kristne i Nigeria. Takk for frimotet deira og for den kristne kjærleiken dei demonstrerer gjennom liva sine. Bevar dei hos deg midt i all trengsel og øydelegging, fyll dei med Ande og kraft slik at dei blir ståande faste i trua på Jesus og ikkje let seg føra på villspor. Lat riket ditt ha sterk framgang og Nigeria, og må Boko Haram mislukkast med terroren sin. Lat det gå i stå for dei. Amen.